Jobb i Sykkylven
Utforsk jobbmoglegheiter i Sykkylven!
For deg som er over 16 og på utkikk etter ein måte å tene litt ekstra på, har Møre Trafo spanande sommarjobbar.
Og for den eventyrlystne, kva med å bli koordinator for årets
gøyaste sommarjobb i eit pilotprosjekt?
Ser du etter meir enn berre ei sommaroppleving? Vi har også ledige stillingar for dei som tenker langsiktig. Du er kanskje den nye økonomisjefen i kommunen, eller vil jobbe med rekneskap i Ekornes?
Er du heller kandidaten for ei 100% stilling som psykolog eller psykologspesialist? Kanskje vil du jobbe for Møre Miljøsanering eller som servicetekniker ved Caverion?
Interessert?
Møt oss på The Hub i Oslo 11.april så kan vi snakkast meir om å jobbe og bu i Sykkylven og på Sunnmøre - skaff deg gratisbillett til "Bli med hit"!
Scroll deg ned på sida for å lese meir om desse spanande moglegheitene, og finn din drøymejobb i Sykkylven i sommar!
Fleire ledige stillingar i Sykkylven finn du på arbeidsplassen og finn.no
Mellom fjord og fjell har vi nærleik til alt du treng. Kort veg til sjefen, og til kafeen. Nærleik til byen, og til fjorden. Og ja, vi er kommunen med den største tettleiken av robotar i Noreg.
Jobb i Sykkylven