Cowork

Workation i SkaparLINKEN

June 19, 2023
I påskeveka var det fleire som nytta seg av «workation» i coworken SkaparLINKEN, i Sykkylven sentrum. Slik fekk familiar forlenga påskeopphaldet i bygda, medan dei som måtte jobbe fekk ro og fokus dei siste arbeidsdagane.

Påske i SkaparLINKEN

Dei som nytta seg av workation i år var alle tilknytt bygda med eigen familie eller familien til sin «andre halvdel». Gjestane kom frå heile landet og også ein frå London. Påskegjestane var samstemt om at workation i SkaparLINKEN var eit supert tilbod for å få arbeidsro når det var fullt hus «heime». Andreas Sørensen Suorza, Bjørn Nordbø, Elise Vik Sætre, Hilde Tandstad og Michael Saunders fortel litt om påske i Sykkylven, og deira oppleving av workation i SkaparLINKEN.

SkaparLINKEN

Coworken vår, SkaparLINKEN, ligg i bygget der Sparebanken Møre var tidlegare. Lokala er designa av Driv Design og beskrivast som lyse, behagelege og svært funksjonelle. Til dagleg er SkaparLINKEN arbeidsplass til 11arbeidstakarar frå ulike bedrifter, plassert i kontor og ope kontorlandskap. Deter elles mogleg å arbeide frå fellesarealet, og møterom er tilgjengeleg for utleige. I påska opna moglegheita seg for korttidsleige av plassar også i kontor og det opne kontorlandskapet.  

Andreas jobba frå SkaparLINKEN eit par dagar under påskeferien i Sykkylven. Han jobbar til dagleg i Trondheim, som yrkeshygieniker i Proactima AS. Han kom heim til påske saman med kona som er frå Vannylven og guten deira på 1,5 år. I ferien bur dei heime hjå far. Andreas og kona har kjøpt hus i bygda, og til sumaren flyttar familien heim til Sykkylven. Jobben vert med på flyttelasset og Andreas vert sitjande i SkaparLINKEN frå hausten av. Ved spørsmål om han då skal jobbe for lokale bedrifter, svara han med eit smil. - Forhåpentlegvis.

Under workation i SkaparLINKEN valde Andreas å leige kontorlokale. Han fortalde at det var veldig greitt, men trur også ein plass i ope kontorlandskap vil fungerebra når han flyttar. Påskedagane bar preg av arbeidsro og god stemning med felles lunsjpause.

Andreas finnden beste påskestemninga på toppen av Fjellsætra. Utsikta derifrå med snø, sol, kvikklunsj og solo,

"Det vert ikkje betre enn det!"

Ein svipptur over fjorden

Bjørn komsvippande innom med foldesykkelen sin måndag i påskeveka. Bjørn er IT-programmerar og busett i Bø i Telemark. Han spurde håpefull om å få jobbe frå SkaparLINKEN, då det var fullt hus hos svigerfar på Ikornnes. Sjølvsagt var han velkomen.

Påskesmilet var på plass og Bjørn la ikkje skjul på si begeistring for både lokala og moglegheita til å jobbe i fred, medan tenåringane i huset fekk starte dagen roleg. Grunna mykje heimekontor siste tida sat han stor pris på å vere i eit kontorfellesskap, og sat seg like godt til å jobbe i fellesarealet. Til og med stolane her i felleslokalet var så komfortabel at ein fint kan sitte her med laptop gjennom dagen, smila han. Då han klarde seg fint utan kontorplass, sat han også kostnadsfritt.

Bjørn var oppmerksam og viste stor entusiasme over god funksjonalitet og smakfullt design. Tidlegare erfaring gjor han spesielt bevisst på korleis akustikken var gunstig for arbeid, då prat i eit hjørne av lokalet ikkje opplevast forstyrrande elles i rommet. Han kunne fortelje at han gjerne skulle hatt eit slikt opplegg heime og fekk knipse litt bilde til inspirasjon.  

Under påskeferien i Sykkylven nytta Bjørn og familien moglegheita til å reise i nærområdet. Etter ein formiddag med arbeid i SkaparLINKEN vart det tur til Hellesylt. Seinare i påska planla dei, tradisjon tru, lapskaus og kake på kaféen på Alnes. Med påskeferien lagt til Sykkylven fekk son til Bjørn også kjenne på påskestemninga i skiløypene i Sunnmørsalpane.

Flaskelam og kyllingar på besøksgard

Elise er samfunnsøkonom og jobbar som seniorrådgivar i Finanstilsynet i Oslo. I påska kom ho til Sykkylven med mann og born, for å besøke familie og vere med på ein namnefest.

Workation i SkaparLINKEN fungerte veldig godt, kunne ho fortelje. Også Elise skrytte av flott lokale, arbeidsro og hyggeleg felleslunsj.

Heilt supert at bygda har fått eit slikt tilbod. Eg fekk vite at det til vanleg er fullt, at alle plassane er leigd ut og at det er venteliste. Det viser at dette er eit tilbod mange ønskjer seg og som bygda treng meir av!

Saman med familien har Elise besøkt vennar og familie, vore mykje ute i sola og på leikeplassar i nærområdet. Ho fortel om besøk av påskeharen, traktorsightseeing og premiere på grilling i solveggen. Torsdag i påskeveka var familien på Sølmongården i Straumgjerde. Der fekk dei halde flaskelam og klappe kaninar og kyllingar, til stor glede for både born og vaksne.

Lav terskel og god velkomst i SkaparLINKEN

Hilde vaks opp i Straumgjerde og var på påskeferie heime med familien. Ho valde å bli igjen eit par dagar etter påske, før ho reiste tilbake til Tromsø. Ho kom til SkaparLINKEN tysdag etter påske, etter anbefaling frå ein nabo som tidlegare har nytta lokala sjølv.

Av yrke er Hilde er biolog/ botanikar og jobbar med naturkartlegging og miljørådgivning for Sállir natur. Snart får ho nyte naturen på Sunnmøre enda litt til, då ho skal jobbe ein del i nærområdet i Møre og Romsdal. Hilde var i SkaparLINKEN for fyrste gong i påska og ville ikkje sjå vekk i frå at ho nyttar seg av tilbodet fleire gongar framover.

Det å arbeide frå SkaparLINKEN har fungert godt, fortalde ho med eit smil. Hilde følte seg straks velkomen då ho vart møtt og vist rundt i lokala, og opplevde terskelen som lav for å kome inn her. Med eige møterom for dagen var det heller ingen sak å få fred til dei mange møta for arbeidsdagen.

Cowork er framtida

sa Hilde, og la til at det er fantastisk at vi har eit slikt tilbod i Sykkylven.

 

For Hilde har påska har gått med til mykje skiturar i fantastisk ver, og etterlengta tid med familie og venar. Ho avsluttar med eit smil:

Påske i Sykkylven er ein vinnar!

Frå London til Sykkylven

Michael kom til Sykkylven frå London og var på påskebesøk hjå mor til kjærasten sin. Etter arbeidsdagane var det elles planar for mellom anna hyttetur, aking i snøen og bursdagsselskap.

Dagane i SkaparLINKEN gjekk mykje med til arbeid, men ein kort prat fekk fram at han var svært glad for moglegheita for workation. Michael kunne fortelje at han sakna eit slikt tilbod då han jobba frå «heimekontor» her i Sykkylven i 6-7 veker under koronapandemien.

I påska jobba han frå kontorpult i ope kontorlandskap, fekk låne skjerm og hadde tilgang til møterom ved telefonsamtalar/ videomøter.