Næringsforeninga

Velkomen til Miljøkvalitet AS

March 5, 2026
Vi i Sykkylven Industri- og Næringslag er stolte av å ønskje Miljøkvalitet AS velkomen som nytt medlem.

Miljøkvalitet AS er eit lokalt eigd avfallsmottak med base på Jarnes industriområde i Sykkylven kommune. Bedrifta har sidan 1996 teke imot og handtert avfall frå både private og næringsliv, og har vore ein viktig aktør innan miljø og ressursgjenvinning i regionen.

Bedrifta er totalleverandør av avfallstenester, og kan ta imot nær alle typar avfall. Dei tilbyr avfallshandtering, containarutleige og transport av avfall, og legg stor vekt på utnytting av avfallet. Særleg kjekt er det at dei også jobbar for å bidra til god flyt i lokalt næringsliv. Dei sei sjølve at dei skal:

”Sette avfallshandtering i system for næringslivet, slik at kostnadane for næringslivet blir redusert, og omsynet til miljøet blir ivareteke. Miljøkvalitet as skal vere næringslivskundane sitt beste val”.