Sykkylven industri- og næringslag medlemsmøte


Mechatronics Innovation Lab (MIL)
Christian Nordbach frå Mechatronics Innovation Lab (MIL) presenterte moglegheitene bedrifter har til å teste og utvikle ny teknologi innan robotikk, 3D-print og kunstig intelligens. Har eit mål om auka konkurranseevne og beslutningskompetanse i norske bedrifter.
Ein kan få støtte på inntil kr. 72 000,- i eit avklaringsprosjekt i samarbeid med ein Næringshage/Inkubator. Etter at avklaringsprosjektet er fullført kan ein få 40 timar industriell rådgiving.
For små- og mellomstore bedrifter vil rabatten vere mellom 50-100% avhengig av type teneste. Tenesteverdien er frå kr. 20 000 – kr. 160 000,-. Større bedrifter kan få 50% rabatt

Storfjord-sambandet
Øyvind Olsen orienterte om arbeidet med Storfjordsambandet, eit prosjekt med høg samfunnsnytte som skal knyte Ålesund, Sykkylven og Stranda tettare saman.
Eit revidert forslag (KVU2) er no klart, og fokuset ligg på fjordkryssing framfor tunnel. For å kome vidare treng prosjektet samstemte kommunar og politisk trykk.
Bodskapet var klart: Næringslivet må stå samla og vise engasjement for å få prosjektet prioritert.
Sykkylven kommune
Kommunedirektør Torbjørn Emblem og Lise Haukeberg delte status frå kommunen:
- 7622 innbyggjarar og 650 tilsette
- Arbeid pågår for å sikre berekraftig økonomi innan 2026–2027
- Nye bustadprosjekt ved småbåthamna og Aure gamle skule
- Moglegheitstudie på Tynesfabrikken og planar om landbasert oppdrettsanlegg for torsk med opptil 100 arbeidsplassar
- Kommunen støttar Storfjordsambandet og jobbar aktivt med næringsutvikling.
- «Snakkast» er ein møteplass for dei mellom 18-40 år. Arrangement 22. desember «Snakkast tett på jula» på Næringsfabrikken.
.png)
ILAG Summer Internship
Sigrid Sævik Nilsen presenterte årets ILAG Summer Internship, der unge voksne som hadde sommarjobbar i Sykkylven har delteke.
Det vart lagt til rette for ulike aktivitetar gjennom sommaren, eit lågterskeltilbod.
Programmet, finansiert av omstillingsprogrammet, skapte gode opplevingar og relasjonar – med mål om å rekruttere unge til regionen
Møre Trafo
Fred Anton Alvestad fortalte historia om Møre Trafo, som sidan 1951 har vore ein innovativ kraftleverandør.
Bedrifta er no marknadsleiar på transformatorar og nettstasjonar, og satsar vidare med nye bygg, automatisering og plan om ny fabrikk innan 10 år.
Takk til alle som møtte!
Møtet synte at både næringsliv, kommune og prosjektpartnarar deler eit felles mål: Å styrke utviklinga i Sykkylvsregionen – saman.
Følg med på næringsretta arrangement på Kva skjer?
