Næringsforeninga

Signert ny avtale for Læreplassgaranti

February 7, 2026
Sykkylven Industri- og Næringslag og Sykkylven vidaregåande skule har signert ny avtale om læreplassgaranti for andre gong. Avtalen gir elevane tryggleik for læreplass, samstundes som bedriftene sikrar seg motiverte og godt førebudde lærlingar.

Den første avtalen vart inngått i desember 2019, etter at skulen blei medlem i industrilaget. No blir samarbeidet vidareført for nye fem år. Den einaste endringa som har blitt gjort tidlegare er betre tilrettelegging for lærlingar med spesielle behov.

Ordninga har vist seg å vere ein klar vinn–vinn-situasjon: Bedriftene får tilgang på lokal og kompetent arbeidskraft, elevane får ein garantert veg inn i arbeidslivet, og skulen opplever elevar med høg motivasjon og lærevilje.

Vi er veldig glade for å kunne sikre fem nye år med læreplassgaranti. Dette gjer skulen meir attraktiv og gir elevane våre større tryggleik for framtida, seier rektor Barbro Midtgård.

Frå 1. august 2027 blir Stranda og Sykkylven vidaregåande skular samla til éin skule. Då vil også elevar på Stranda få ta del i ordninga. Industrilaget inviterer difor fleire bedrifter frå Stranda til å bli med i samarbeidet.

Læreplassgarantien er eitt av fleire tiltak Sykkylven Industri- og Næringslag jobbar med for å styrke lokalsamfunnet, sikre rekruttering til næringslivet, og halde på den vidaregåande skulen i bygda.