Aktuelt

Sandella sikter mot maritime moglegheiter

January 23, 2025
Sandella ser mot den maritime sektoren som ein ny vekstarena. Gjennom deltaking i bedriftsutviklingsprogrammet SMB-utvikling har dei tatt grep for å utvide verksemda, med mål om å styrke seg i marknaden og få fleire bein å stå på.

Frå kaldskum til maritime løysingar

Sandella-gruppen er i dag ein av dei største uavhengige produsentane av formstøypt kaldskum i Europa. Dei har eigen produksjon av stål- og aluminiumsrammer, inkludert manuell og robotisert sveising, og tilbyr tekniske løysingar til industrien. Møbelbransjen er hovudmarknaden, der dei er kjende for å levere produkt av høg komfort og kvalitet.

Som eit ledd i å gjere seg mindre avhengige av møbelindustrien, har Sandella sett moglegheiter i den maritime sektoren. Den har vist seg som eit attraktivt alternativ, og her ser dei potensial for vekst og innovasjon.

SMB-utvikling opna dører

Deltakinga i SMB-utvikling starta etter ein invitasjon frå Omstillingsprogrammet i kommunen. Dei var inne i marknaden med oppdrettshåvar, og såg ei moglegheit for å utforske potensialet i oppdrettsnæringa vidare.

Gjennom SMB-utvikling fekk dei tilgang til kunnskap, nettverk og rettleiing for å kartleggje moglegheitene for nye produkt og marknader.

“Deltakinga var ei positiv oppleving og ei verdifull erfaring for oss”

seier Hroar Pedersen, ein av leiarane i prosjektet.

Nye produkt og fokus framover

Deltakinga i omstillingsprogrammet leia bedrifta til eit forstudium, med hovudmål om marknadskartlegging av moglegheitene for nye produkt inn mot oppdrettsnæringa. Under forstudiet fekk Sandella mellom anna oppdrag med å utvikle eit nytt produkt i samarbeid med en ny kunde, samtidig som dei fekk gjort ei grundig kartlegging av marknaden. Dette ga dei ikkje berre nye idear, men også eit godt grunnlag for det videre arbeidet inn mot oppdrettsnæringa.

Frå moglegheit til realitet

“Vi veit no meir om marknaden og kundane, og har ei betre forståing for kva prosessen krev”

Hroar understrekar at det framleis er ein veg å gå, men at prosjektet har gitt Sandella eit solid grunnlag for vidare arbeid. Dei ser moglegheiter for å auke produksjonsvolum, omsetning og bemanning på sikt.

“Kjerneverksemda vil framleis vere formstøypt skum og tekniske løysingar til møbelindustrien, men vi håpar og trur at dette etter kvart skal bli eit ekstra bein å stå på.»

Inspirasjon til andre bedrifter

Sandella sitt engasjement i SMB-utvikling viser korleis bedriftsutvikling kan opne nye dører og skape moglegheiter for vekst i nye marknader. Programmet tilbyr verktøy og ressursar for bedrifter som ønskjer å utvikle eksisterande prosjekt eller utforske heilt nye idear.

Er di bedrift klar for å ta tak i prosjekt eller finne nye moglegheiter? SMB-utvikling kan vere starten på ein spennande veg vidare!

Årets deltakarar er allereie i gang med prosessen, men programmet kan organiserast fleire gongar før utgangen av 2026.

Ved interesse for deltaking, ta kontakt med Lise i Omstillingsprogrammet:

Lise Haukeberg, prosjektleiar for Omstillingsprogrammet

E-post: Lise.Haukeberg@sykkylven.kommune.no

Tlf.: + 47 98 88 22 92

Bilde:

Ein av dei nyaste håvane, saman med selger Erik Opsal (Sandella).