POPUP x RAMÒ STUDIO

Du får sjansen til å kjøpe Ramonas eksklusive kolleksjon og prøve å lage sjølv - Ho tilbyr også drop in lysstøyping og dekorering!

Kom innom for å finne den perfekte gåva, eller unne deg noko spesielt til heimen! POPUP'en vil vere open i ei kort periode frå 4.-18. oktober, så det er lurt å få med seg denne unike moglegheita før den er over.
Sjå dei nydelige produkta hennar her.
Opningstider:
Laurdag 4.10: 10-15
Måndag 6.10: 10-17
Tysdag 7.10: 10-17
Onsdag 8.10: 10-17
Torsdag 9.10: 10-18
Fredag 10.10: 10-18
Laurdag 11.10: 10-15
Torsdag 16.10: 10-18
Fredag 17.10: 10-18
Laurdag 18.10: 10-15

Pop up’en er ein del av eit større initiativ frå Tettstadsprosjektet og Omstillingsprogrammet i Sykkylven kommune, som i samarbeid med ein særs samarbeidsvillig huseigar, har gjort det mogleg å tilby eit kostnadsfritt butikklokale i sentrum - for avgrensa periodar gjennom året. Målet er å senke terskelen for å satse på eigne idéar og samtidig skape meir liv og aktivitet i sentrum.
Prosjektleiar Anne Marie Andreassen har òg sett saman eit rådgjevar-team som kan gi fagleg støtte innan grafisk design, drift og konseptutvikling. I tillegg tilbyr Sykkylven Næringsutvikling, kommunen sitt verkemiddelapparat, ein gratis rådgjevingstime til dei som ønskjer å teste forretningsidéen sin i lokala.
Følg gjerne med på @popupxaure på Instagram for oppdateringar, arrangement og opningstider.
Er du interessert i å nytte deg av tilbodet? Ta kontakt med prosjektleiar Anne Marie Andreassen for meir informasjon.