POP UP X ORRE

Liv i sentrum med leire og lidenskap
Med over 20 års erfaring som keramikar lagar ho unike verk - like perfekte til morgonkaffien som til ei heilt spesiell gåve.
Fram til slutten av juni tilbyr ho kurs der du kan lage noko heilt eige frå grunnen, eller dekorere ferdig forma keramikk. Dette er ei flott moglegheit til å utfalde seg kreativt - anten du vil lage gåver, prøve noko nytt eller berre ha ei hyggeleg oppleving med leire mellom hendene.

Pop up’en er ein del av eit større initiativ frå Tettstadsprosjektet og Omstillingsprogrammet i Sykkylven kommune, som i samarbeid med ein særs samarbeidsvillig huseigar, har gjort det mogleg å tilby eit kostnadsfritt butikklokale i sentrum - for avgrensa periodar gjennom det neste året. Målet er å senke terskelen for å satse på eigne idéar og samtidig skape meir liv og aktivitet i sentrum.
Prosjektleiar Anne Marie Andreassen har òg sett saman eit rådgjevar-team som kan gi fagleg støtte innan grafisk design, drift og konseptutvikling. I tillegg tilbyr Sykkylven Næringsutvikling, kommunen sitt verkemiddelapparat, ein gratis rådgjevingstime til dei som ønskjer å teste forretningsidéen sin i lokala.
Følg gjerne med på @popupxaure på Instagram for oppdateringar, arrangement og opningstider.
Er du interessert i å nytte deg av tilbodet? Ta kontakt med prosjektleiar Anne Marie Andreassen for meir informasjon.