Omstillingsprogrammet i Sykkylven: 2026 handlar om å få varige resultat

Omstillingsprogrammet i Sykkylven går no inn i avslutningsåret i programperioden – med tydeleg retning: Vi skal halde trykket oppe og prioritere dei tiltaka som gir størst effekt og varige spor i næringslivet, samhandlinga og utviklingsarbeidet i kommunen. Samstundes går vi inn i 2026 med strammare rammer (totalramme om lag 3,6 mill. kr, mot 5,6 mill. kr i 2025), og det betyr at vi må velje færre og meir målretta prosjekt – og følgje dei tettare.
Gjennom 2025 hadde programmet høg aktivitet og mykje samarbeid skjedde: 18 utviklingsprosjekt vart innvilga i bedrifter og nettverk, og programmet bidrog til 17 nye og sikra arbeidsplassar (13 sikra + 4 nye). I 2026 invitera vi næringslivet til å nytte moglegheita som ligg i omstillingsmidlane – særleg for prosjekt med vekst- og verdiskapingspotensiale, gjerne i samarbeid med andre. Ta kontakt med Lise Haukeberg om du har ein idé for di bedrift eller ditt nettverk!
Kontakt: Programleiar for Omstilling i Sykkylven kommune, Lise Haukeberg tlf: 98882292 e-post: lise.haukeberg@sykkylven.kommune.no
Årsrapportar (alle år) og handlingsplan for 2026 finn du her: Omstillingsprogrammet - Sykkylven kommune