Aktuelt

Kven fortener Næringslivsprisen i år?

August 5, 2025
Næringslivsprisen 2025 vert utdelt under kommunestyremøte i haust, og skal påskjønne den eller dei som har gjort ein ekstra innsats for lokalt næringsliv det siste året.
Linda Rokseth og Tommy Rasmussen mottok prisen i fjor, for sin entusiasme som gründera og eldsjeler for lokal utvikling i fleire samarbeidsfora.

Forslag til kandidat for Næringslivsprisen i Sykkylven 2025

Næringslivsprisen (tidlegare Innsatsprisen) har som føremål å påskjønne mottakar for den innsatsen som er gjort, og samtidig vere eit signal om at lokalsamfunnet set pris på innsatsen. Prisen kan tildelast personar, bedrifter eller næringsretta organisasjonar, og vert overrekt i kommunestyre.

Prisvinnar vert utpeika av styret i kommunen sitt næringsselskap, Sykkylven Næringsutvikling (SNU), som vurderar kandidatar ut ifrå følgjande kriterie:

  • Sykkylven sitt næringsliv har blitt markert på ein særs gagnleg måte
  • Det er vist initiativ til å skape noko som tener lokalsamfunnet
  • Prisvinnaren står fram som eit føredøme for andre
  • Det er vist mot og handlekraft
  • Det er vist evne til nytenking innanfor eit eller fleire område
  • Samarbeidsvilje
  • Tiltaket er berekraftig med omsyn til miljø og bedriftsøkonomisk lønsemd

Alle innbyggarar i Sykkylven kommune inviterast til å foreslå kandidatar til prisen. Forslaga må vere skriftlege og begrunna av forslagsstillaren.

Frist for innsending av forslag er 1. september, og registerast HER

Her ser du oversikt over kven som har fått prisen tidlegare år.