Lokalmaten har flytta og fått ny giv

Etter at prosjektperioden til Jord & Fjord gjekk ut, valde Siv Helseth å ta over drifta for å hindre at tilbodet forsvann.
– Vi kan ikkje miste lokalmat i ei bondebygd som Sykkylven, seier Helseth, som frå før driv både interiørbutikken Fryd og dyrebutikken Pets.

Lokalmatutsalet vart starta som eit prøveprosjekt i samband med «Garden som ressurs», men stod i fare for å bli lagt ned då det mangla nye drivarar. Helseth, kom raskt på bana om å føre det vidare.
– Eg har alltid hatt eit hjarte for både dyr og lokalprodusert mat, og kjende at dette ville eg satse på, fortel ho.

Butikken er allereie i gang med sal av blant anna kjøt, egg og brød, og meir er på veg inn. Mange av hyllene er enno tomme, men dei vil snart bli fylt opp med varer frå fleire lokale produsentar. Målet er å utvide både med fleire produkt og leverandørar, og å skape meir liv med smaksprøver, besøk av produsentar og ulike aktivitetar.
– Vi skal gønne på for fullt framover, seier Helseth med eit smil.