Industriturne gav elevane innsikt i framtidas moglegheiter

Læringsrikebedriftsbesøk
Turneen starta hos Slettvoll, der elevane fekk eit sterkt inntrykk av korleis historie, strategi og kultur formar bedrifta slik ho er i dag. Under omvisinga i produksjonen følgde ein lærling i industrisaum gruppa heile vegen, og viste korleis fagkompetanse blir brukt i praksis.
Vidare gjekk turen til LK Hjelle, der elevane fekk sjå korleis bedrifta skjærer og behandlar hud - noko dei leverer til andre som ForaForm og Slettvoll, i tillegg til eigen produksjon. Elevane fekk også gå gjennom fabrikken, lære korleis møblane blir til, og sjå kvifor enkelte design held seg populære gjennom fleire tiår. Det sterke fokuset på lokalt samarbeid kom tydeleg fram - LK Hjelle får blant anna trevirke frå LP Riksheim og Ekornes Tynes, og mange av verdikjedene i Sykkylven er tett kopla til fjordane rundt oss.

Bedrifta delte òg si historie: LK Hjelle vart etablert av Lars Karl Hjelle i 1940 og feirar 85 år i år - framleis som familiebedrift med norske eigarar. Med hovudsakleg norsk design og sterke prinsipp innan berekraft, står filosofien «long lasting love» sterkt. Dei ønskjer at møblane skal vere noko ein aldri vil kaste, og legg difor til rette for utskifting av delar og lang levetid.
Elevane hadde gode spørsmål om alt frå designprosessar til korleis eit møbel framleis er det same når alle delar kan byttast ut.
– Mange ressursarå velje mellom

Under turen fekk viogså eit lite intervju med Siv-Anita Skjønberg frå Herøy, elev på VG2 saum- og tekstilhandverk:
Kvifor møbel?
– Eg er veldig interessert. For meg er det mange ressursar å velje mellom, og mykje eg kan bli opplært i. Det er heller ikkje så mange andre stader du kan ta fagbrev i industrisaum.
Blir de godtinformerte om moglegheitene i møbelindustrien?
– Ja, vi får god informasjon både frå kontaktlærar og frå Opplæringskontoret, og så har vi industriturneen der vi besøker bedrifter.
Ho fortel vidare at ho har besøkt både ForaForm og Ekornes tidlegare, og at besøket på Slettvoll gjorde inntrykk:
– Det var veldig koseleg og virka som eit godt miljø. Dei var flinke til å forklare og inkludere.
Sjølv om ho ikkje heilt veit kva fag ho vil ende opp i, fortel Siv-Anita at tapetsering verkar spanande, og at det viktigaste no er å ta fagbrevet og utforske moglegheitene vidare.
Vidare til Ekornes avd. Aure
Etter besøket i Vik gjekk turen vidare til Ekornes avdeling Aure, der elevane fekk sjå ein heilt annan del av produksjonskjeda. Dermed fekk dei også eit breiare innblikk i kor mangfaldig møbelindustrien i Sykkylven faktisk er.
Slike møte mellom skule og næringsliv er heilt avgjerande for framtidig rekruttering og for å halde ved like den sterke møbel- og industrikompetansen som Sykkylven er kjend for.