Bu her

Held koken etter opning

October 23, 2025
Etter at både Gullnåla opna og Jord og Fjord flytta inn i nye lokale før sommaren, har interessa frå kundane vore stor - sjølv om hausten har bydd på rolegare dagar.
Tove Øyen frå Gullnåla
Gullnåla: – Eg ser at det verkar å halde det proft

Bak disken og symaskina på Gullnåla står Tove Øyen, som på kort tid har klart å bygge opp både systove og gullsmedbutikk i Sykkylven sentrum. Ho fortel at responsen frå kundane har vore positiv.

Det har eigentleg gått greitt, men oktober har vore litt stille. Mange kjem innom for å sjå, spørje og handle lokalt, og det set eg stor pris på, seier Øyen.

Ho nyttar tida effektivt mellom kundane. Når butikken er stille, syr ho på systova. Etter berre få månader har ho fått bunadskundar frå heile distriktet.

Eg kan ikkje ta inn fleire konfirmantar for 2026, på grunn av kapasitet. Eg har faktisk bunadsbestillingar heilt fram til 2028 – og ei mor som alt har bestilt til døtrene sine for 2032 og 2037!

Gullnåla blir også lagt merke til langt utanfor regionen.

Eg har hatt hjelp frå KLIV på marknadsføring sidan starten. No ser eg at andre gullsmedar følgjer sida mi, og bileta våre har til og med blitt brukt av Sandra Lyng på hennar eigne sider. Det viser at det løner seg å halde det profesjonelt, seier ho.

Framover håpar Øyen å få til fleire satsingar, blant anna materialpakkar og barnebunadar, samt å ta inn det populære merket Nomination - armband ein kan byggje på med "charms".

Eg synest eg byrjar å få eit godt utval, men gullprisane har gått opp fem gongar sidan eg starta - og skal opp igjen no i november. Det krev mykje kapital å bygge opp eit varelager, men eg er innstilt på å klare det. Eg veit kva som må til - og eg har trua på at dette skal gå, seier ho.

 

Jord og Fjord: – Responsen har vore heilt utruleg

Hos Fryd/ Pets/ Jord og Fjord har det også vore mykje aktivitet sidan lokalmathandelen flytta inn i butikken. Siv Helseth og Eva Britt Sandvik Aure fortel om god mottaking og stor interesse frå kundane - spesielt etter at dei starta med ferske bakevarer.

Eva Britt frå Jord og Fjord
- Responsen etter vi fekk inn bakevarene på fredag har vore heilt utruleg. Vi blei utselde ganske tidleg for brød, fortel Helseth.

Butikken får no levering frå Bakerinnå på fredagar og hentar varer på Digernes. Det er likevel ein balansegang å finne ut kor mykje som skal bestillast.

- Det er ikkje så lett å vite kor mykje ein skal ta inn, sidan det er ferskvarer og må prisast ned neste dag, forklarar Helseth.

For dei to handlar mykje om å få strukturen på plass.

- Det er ein stor prosess med både Mattilsynet, produsentar og bestillingar. No jobbar vi med å få meir hylleplass bak disken og lage eit tydelegare skille i butikken slik at lokalmatavdelinga kjem betre fram, seier dei.

Målet er å skape ei tydeleg profilering for Jord og Fjord, som no deler lokale med Fryd og Pets.

- Vi vil gjerne ha eit meir gardsprega uttrykk, men det er ikkje alt ein får gjere når ein leiger lokale, seier Aure.

Butikken har alt fått med seg ei rekkje lokale produsentar, mellom anna Melchiorgarden, Tindemat, Tunvoll bigard, Blakstad gard, Kry Kombucha, Bakerinnå, Liset gard, Brubekken, Oppstryn Urtemanufaktur, Lingebakken, Stolte Anton, og Tafjord Fisk og Vilt.

Både Gullnåla og Jord og Fjord viser at det er fullt mogleg å satse lokalt - og at Sykkylven har kundar som verdset både handverk og kortreiste varer.