Gründer

Gründerfrukost med Brennevinsgrova og FunkFit Sykkylven

December 14, 2023
1. desember var det duka for gründerfrukost med julestemning her i SkaparLINKEN. Vi fekk høyre gründerhistoriene bak Brennevinsgrova og FunkFit Sykkylven - Inspirerande og lærerikt!

Det var mange som tok turen då og fullt rundt borda då vi i Sykkylven Næringsutvikling inviterte til gründerfrukost her i SkaparLINKEN, 1. desember.

Gründerfrukosten er eit ledd i næringsapparatet si satsing på nettverksbygging, både for nye og veletablerte bedrifter, slik at vi kan lære av kvarandre og styrke lokalt samarbeid.

Denne fredagen var vi så heldige å få høyre om gründerreisa til Harald Strømmegjerde frå Brennevinsgrova og Ragnfrid Aamodt frå FunkFit Sykkylven. Dei kunne begge fortelle om god hjelp frå verkemiddelapparatet til sine satsingar. Under frukosten delte dei erfaringar, innsikt og inspirasjon til andre som har eit ynskje å starte for seg sjølv. Begge la vekt på at det er både oppturar og nedturar i det å vere gründer, og det går ikkje alltid slik ein først hadde tenkt -vegen vert til etter kvart.

Ragnfrid frå FunkFit Sykkylven delte sine tankar om noko som er viktig for å lykkast som gründer:

Det viktige er å ha stå på vilje når det kjem motbakkar, og ein må verkeleg ville det!

Begge la vekt på at også nettverk var ein viktig faktor, og at midlane frå verkemiddelapparatet var avgjerande for satsinga deira. Nyttig, lærerikt og kjekt å høyre - også for oss i verkemiddelapparatet. Takk til Harald og Ragnfrid!

Og du - Du som gründer er viktig!