Digitale Nomadar i Geiranger - har du fått det med deg?

Geiranger er også med i prosjektet, og har dei to siste åra testa eit spanande opplegg i mørketida, der dei inviterer digitale nomadar hit for å oppleve lokalsamfunnet og jobbe herfrå. Dette inspirerer oss – og vi er opne for å få til noko liknande i Sykkylven vinteren 2027.
For å få det til treng vi ei grend eller eit lokalsamfunn som har lyst til å vere vertskap og vere med å forme konseptet saman med oss.
Vil du vite meir, eller sjå om dette kan passe i ditt nærmiljø?
Ta kontakt med Lise Haukeberg, programleiar i omstillingsprogrammet og Sykkylven sin representant i EDIN-prosjektet.
Kontakt: Programleiar for Omstilling i Sykkylven kommune, Lise Haukeberg tlf: 98882292 e-post: lise.haukeberg@sykkylven.kommune.no
Her kan du lese meir om EDIN-prosjektet
Her kan du lese meir om kva dei gjer i Geiranger