Aktuelt

Årets gøyaste sommarjobb? Koordinator for pilotprosjekt!

March 25, 2024
Du vil ha ei sentral rolle i å organisere og koordinere sosiale aktivitetar for unge mellom 18-25 år som er i sommarjobb i Sykkylven.

Du vil ha ei sentral rolle i å organisere og koordinere sosiale aktivitetar for unge mellom 18-25 år som er i sommarjobb i Sykkylven. Du vil være ansvarleg for å planlegge og gjennomføre varierte og spennande aktivitetar som fremmar fellesskap, samarbeid og moro blant deltakarane. Du skal vere med på å formidle korleis ein Sykkylvssommar kan sjå ut i frå eit ungt perspektiv.

Vi ser etter deg som er sjølvstendig, likar å samle folk, tør å tenke utanfor boksen. Vi treng deg som vil vere med å vise at Sykkylven er eit sommarmekka! Du vil vere med på å forme innhaldet i denne stillinga ilag med oss.

Vi tilbyr ein kreativ sommarjobb der du får stor friheit over eigen arbeidsdag og gode moglegheiter til å sette ditt preg på prosjektet.

Kompetanse:

·        Førarkort klasse B

·        Høg kompetanse innan sosiale medier, særleg Snapchat og TikTok

·        Snakke og skrive norsk og engelsk godt

·        Kan tenne eit bål

·        Veit bak fram på ein kajakk

Arbeidsperiode:

·        1.juni-15.august, kan avtalast nærmare

·        Stillingsprosent 100 %

·        Fleksibel arbeidstid, det vil variere og vere avhengig av aktivitetar som blir satt opp

·        Løn etter avtale

 

Ta kontakt med Lise Haukeberg, programleiar omstillingsprogrammet for spørsmål om stillinga. Lise.haukeberg@sykkylven.kommune.no

Søknad sendast: Lise.haukeberg@sykkylven.kommune.no

Søknadsfrist 6.mai.

Dette er eit pilotprosjekt i regi av omstillingsprogrammet i Sykkylven kommune, og det er med atterhald om endringar i omfang og innhald vi lyser ut denne stillinga.