Utdannings- og yrkesmesse 2025
Onsdag 17. september 2025 arrangerer Sykkylven ungdomsskule utdannings- og yrkesmesse i Sykkylven kulturhus.
Meld deg på

Messa er eit møtested for elevar, foreldre og utdannings- og arbeidslivsaktørar som ønskjer å dele informasjon, moglegheiter og inspirasjon om framtidige utdannings- og karrierevegar.
Program for dagen:
- Kl. 12.00–14.15: Besøk frå klassar ved Sykkylven ungdomsskule og inviterte skular i nærområdet (bl.a. Stranda, Sunnylven, Blindheim og Møre). Elevar på 9. trinn får også tilbod om å delta.
- Kl. 16.30–18.30: Messa er open for elevar og føresette.
Som tidlegare år vil også deltakarar frå Vaksenopplæringa vere til stades.
Arrangementet nyttar fleire areal i kulturhuset, inkludert vestibylen, storsalen og scena.