June 12, 2024

Sykkylvsdagane 12.-16. juni 2024

Festdagar og festivalstemning for store og små, sett av dagane!

Sykkylvsdagane 2024 går av stabelen 12. - 16. juni.

Det vert eit variert program med mykje kjekke arrangement og aktivitetar i sentrum.

Moteshow, quiz, konsert m.m. vert det også i år.

Laurdag 15. får vi årets happening med kaifest ved sjøkanten, med Adam Douglas, Halva priset og Vidar Villa!

Kjøp billettar til kaikonserten her.

Sykkylvsdagane arrangerast av Sykkylven Handelsforening, i samarbeid med Sykkylven Idrottslag.