February 28, 2024

Reiselivsforum på DIS kl. 18 - 20

28. februar vert det reiselivsforum for aktørar innan reiseliv- og opplevelsesnæringa her i Sykkylven, med live musikk av Marthe Foss!
Full fart i Sunnmørsalpane Skiarena! (foto: Sunnmørsalpane skiarena sin facebook)
Kl. 18 - 20 DIS kaffebar

Gratis deltaking  Meld deg på reiselivsforum her.

Vertskapet Tim og Therese ønskjer oss velkomne på DIS Kaffebar med god stemning, live musikk og lett servering.

Leif Magne Tandstad frå Sunnmørsalpane Skiarena er ny leiar av lokalt Reiselivsforum, og vil gjerne legge tilrette for at næringa har eit samarbeidsfora og eit talerør i dialog med kommunen. Sykkylven Næringsutvikling, med både Lill, Helene og Åsne har i oppgåve å tilrettelegge for samarbeid, på vegne av kommunen. Aktørane må sjølve bestemme kva dei ønskjer å satse på og samarbeide om.

Ein som har bidratt sterkt til å utvikle opplevingstilbod i kommunen er Ronny Utgård.  I Hundeidvik er det open klatrepark for dei minste gjennom heile sommaren, også bilbane og traktorar for små sjåførar. Årleg fotballfestival og flotte turområde har dei og.

Korleis kan vi få til betre samarbeid for marknadsføring og sal av opplevingstilbodet i heile kommunen? Ronny deler sine tankar med oss, før workshop, diskusjon og oppsummering.

Kveldens musikar er Marthe Foss!

Marthe Emblem Foss, bedre kjent som FOSS er en 25 år gammel artist. Hun har vokst opp i Sykkylven, men holder for tiden til i Oslo. Hun har tidligere tatt en bachelor i populærmusikk ved Høyskolen Kristiania, og har siden dette vært aktiv i musikkindustrien med flere singler og EP-er i eget navn. Hun har også deltatt på Emergenza festivalen, hvor hun kom til finalen, og var nominert til musikkprisen i 2023.

Artisten har tidligere gitt uttrykk for at hun er inspirert av Emilie Nicolas, Fay Wildhagen og Susanne Sundfør.

Marthe Foss. (Foto: Maria Brox, Snorre Bredby og Carina Haraldseid)

Inviter med deg dei du ønskjer å samarbeide med, og bli med å lag ein triveleg kveld ilag med oss!

Leik og mestring i Hundeidvik klatrepark

Kva/ kven inngår i reiseliv- og opplevelsesnæringa?

Aktørane som kan vere aktuelle innan reiseliv og opplevelsenæringa er sannsynlegvis mange fleire enn kva ein først tenkjer.

Her kjem nokre eksempel:

  • Du som jobbar innan kultur og/ eller historieformidling
  • Du som har ulike (opne) arrangement eller tilgjengelige aktivitetar, på dugnad eller kommersielt
  • Du som tilrettelegg for ferdsel, fine turområder/ aktivitetar som fiskeplassar, gapahukar etc.
  • Du som jobbar med historiefortelling
  • Du som tilbyr overnatting, handel, mat/ drikke o.l.
  • m.m.