Nettverkstreff "Garden som ressurs" kl. 19.30 - 22.00

"Garden som ressurs" er eit lokalt mobiliseringsprosjekt med støtte frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal med mål om meir samarbeid mellom lokale landbruksaktørar.
Bondelaget, Småbrukarlaget, REKO-ringen og Sykkylven Næringsutvikling inviterer til nytt treff på Blakstad gard onsdag 24. april kl. 19.30 - 22.00. Det vil bli presentasjon av prosjektidéar og diskusjonar om aktuelle fellesprosjekt.
Under førre treff på DIS Kaffebar i mars fikk vi presentert lokalmatsatsinga Stolt Mat ved Janet Roelofs, Karin Flatøy Svarstad sine mange ulike prosjekt i bruk av saueull før diskusjonar om kva bøndene sjølve ønskjer å satse på av aktuelle tilleggsnæringar. Mange spennande tankar vart presentert, både eit felles lokalmatutsal, landbruksbaserte opplevingar, felles merkevare og satsing på kaninfarmar.
* Berit Ekornes på Blakstad gard ønskjer velkomen og orienterer om deira tilbod
* Vibeke Evensen vil presentere prosjektidéen om eit felles lokalmatutsal ei gruppe entusiastar har jobba med sida førre treff. Kva kan vi lære frå Vebjørn Skog sine erfaringar?
* Frank Riksheim har birøkting og honningproduksjon på garden, og vil dele sine tankar om lokalt samarbeid.
* Tarjei Tandstad presenterer deira satsing på gardsturisme, bringebærdyrking og andelslandbruk på Johangarden på Tandstad
* Natalie Bøe vil fortelje om Sølmongården, om Inn på Tunet-tilbodet, åpen gård mm.
* Sigurd Aure frå Tormodgarden kan mykje om ølbrygging og vil dele sine planar for satsing på lokalprodusert øl, og tilbod dei har for gardsturisme
* Lill Fure orienterer om moglegheit for synleggjering av tilbod på ny sykkylven.com og Opplev Sykkylven sommer 2024
Om du veit om andre som har tankar og idéar om tilbod frå sin gard, inviter dei gjerne med!
Det vert servering av kveldsmat. Velkomen!