June 11, 2025

MOGLEGHEITSSTUDIE TYNESFABRIKKEN kl. 18:00 på DIS

Sykkylven kommune, SOL-IS arkitekter og Natural State inviterer interesserte til presentasjon av moglegheitsstudie Tynesfabrikken
Meld deg på

Dette er eit prosjekt i regi av SOL-IS arkitekter og Natural State, der dei undersøker kva moglegheiter som ligg i funksjonstømde bygg.

Moglegheitsstudien tek først føre seg å kartleggje og definere typiske bygningstypologiar som står ubrukt i småbyar, tettstader og distriktsområde - til dømes stasjonsbygningar, skular, meieri eller andre industribygg. Deretter vil ein samarbeide med tre kommunar som både har eit bustadbehov og ei bygning med særleg potensial, og som kan ha overføringsverdi til andre kommunar.

Målet er å vise konkrete arkitektoniske løysingar og arbeide kreativt med både innhald og stader si økonomi. Studien ser også på utfordringar og den økonomiske situasjonen lokalt. Hypotesen er at multifunksjonelle bygg med kombinasjon av næring, samfunnsfunksjonar, fellesareal og bustader – i eit såkalla "mikrourbant" prosjekt - kan bidra til å realisere gjennomførbare bustadprosjekt i distrikta.

Tynesfabrikken er éin av to stadar i landet som er valt ut til denne studien.

Ta turen innom DIS Kaffebar onsdag 11.06.25 kl.18:00 og høyr meir om planane vidare!