Medlemsmøte Sykkylven Industri- og Næringslag

Program:
• Velkomen ved styreleiar Per Kjetil Våtmyr
• Filmpresentasjon
• Presentasjon av Mechatronics Innovation Lab (MIL) ved Christian Nordbach
MIL inngår i katapulten Future Materials i Grimstad, og selskapet er eit offentleg eigd nonprofitt teknologisenter etablert i 2017 som hjelper norske bedrifter med å teste og validere teknologi før investering – frå robotikk og 3D-print til sensorikk og industriell AI. Christian Nordbach er forretningsutviklar med bakgrunn frå prosess- og produksjonsindustrien, og jobbar i dag med prosjekt innan automatisering, robotikk, 3D-print og kunstig intelligens – med fokus på korleis teknologi kan løyse utfordringar i industrien. Han vil også gi informasjon om korleis bedriftene kan dra nytte av EU sine støtteordningar.
• Storfjordsambandet ved Leif Jarle Aure
• Sykkylven kommune, informasjon til næringslivet v/kommunedirektør Torbjørn Emblem og Lise Haukeberg, summer internship programmet ILAG v/Sigrid Sævik Nilsen
• Møre Trafo, bedriftspresentasjon
• Fellesferie 2026
Er du ikkje medlem, men nysgjerrig på kva som skjer i Sykkylven Industri- og Næringslag?
Då kan du melde deg på ved å sende ein e-post til: lill@skaparglede.no
Pris: kr 450,- (inkluderer deltaking og mat).
Vi ynskjer alle vel møtt!