
Dato: 25.01
Tid: 11.00 - 15.00
Stad: Næringsfabrikken
Vi har invitert Emma Østerbø som er leiar for Katapulten på Raufoss - Manufacturing Technology, til å fortelle om kva dei kan bistå næringslivet med, og korleis våre lokale industribedrifter kan dra nytte av programmet i regi av SIVA og Norges Forskningsråd.
Katapulten vert drifta av SINTEF Manufacturing med NCE Raufoss, Fagskolen Innlandet, Raufoss VGS, NTNU, SIVA og Innlandet fylkeskommune som kjernepartnarar. Katapulten har 7 minifabrikkar, som fungerer som testsenter. Katapult-ordninga finansierar utstyr for uttesting for kompetansebygging som skal bidra til meir konkurransedyktig industribedrifter i Norge. Minifabrikkane er mellom anna for automatisert sprøytestøping og vikling, metallforming og bearbeiding, og automatiserte produksjonsprosessar for grønare, smartare, meir nyskapande og produktiv vareproduserande industri.
Ein SIVA-katapult skal fungere som ein slags prosjektil for industribedrifter, kor nye metodar kan testast ut. Den skal gjøre det enklare for innovative bedrifter å utvikle prototypar, teste, visualisere og simulere. Dette skal gjøre vegen frå konseptstadiet til marknadsintroduksjon enklare for norsk industri.
Fleire av katapultane har såkalte noder, som kan fungere som satellittar andre stader i landet med fasilitetar, utstyr og kompetanse. Til dømes er Protomore i Molde med NCE iKuben ein slik node.
Kan Sykkylven med både testfasilitetar og teknologikompetanse for vareproduserande industri innan møbel, stål, skum, plast mv. være aktuell som katapult-node?
I Sykkylven har vi utstyr for testing av mellom anna tekstiler, og vi har ein eigen lab for 3D-strikking. Det vert ein ein kort intro frå aktørane i Sykkylven før orientering frå Katapultene, som Future Materials i Grimstad og Digicat i Ålesund.
Program
· Velkomen, Åsne Folstad, Sykkylven Næringsutvikling og Per Kjetil Våtmyr, Sykkylven Industri- og Næringslag
· Testutstyr for møbelindustrien, Ole Bastian Emdal, Ekornes
· Muligheiter med 3D-strikking, Lars Einar Riksheim, Amatec
· Katapulter i Norge, Emma Østerbø, Manufacturing Technology
· Digicat, testsenter for digitale tvillingar, Arne Monsholm
Omvisning på 3D-Knitting og Ekornes for våre gjester frå Katapultene, og andre interesserte.
Enkel lunsj, gratis deltaking.
Påmelding her, innen tysdag 23. januar.