February 10, 2025

Hoppid OPPSTART, frå 10. februar

For deg som har eit produkt, tjeneste eller forretningsidé du vil utvikle, eller deg som har ei bedrift som du ønskjer å vidareutvikle. Søk i dag!
Meld deg på

Om hoppid.no Oppstart

Programmet går over 3 veker med 10 nettbaserte samlingar. Mellom samlingane arbeider du med å utvikle forretningsideen din og du får oppfylging frå ein hoppid.no-rådgivar.

Kven passar det for?

Programmet passar for deg som har eit produkt, tjeneste eller forretningsidé du vil utvikle, eller deg som har ei bedrift som du ønskjer å vidareutvikle. Det krev at du er motivert for å lære, og at du vil jobbe med å vidareutvikle prosjektet ditt. Programmet er gratis for deltakarar som er busette i Møre og Romsdal.

I løpet av programmet får du:

- utvikle prosjektet ditt steg for steg basert på S-E-A-M

- presentere prosjektet for rådgivarar og deltakarar

- råd, innspel, motivasjon og inspirasjon frå dei andre deltakarane

- eit nettverk som kan hjelpe deg å nå dine mål.

Målet er at du skal ende opp med ein tydelig plan for korleis du kan jobbe vidare med prosjektet ditt.

Programmet inneheld fylgjande samlingar:

#01 Innleiing: Bli kjend med deltakarane, metoden og verktyet.

#02 Føremål: Korleis påverkar din motivasjon og berekraft prosjektet?

#03 Ressursar: Korleis kan ressursane dine bidra til konkurransekraft?

#04 Forretningsidé: Kva behov skal du dekkje, og for kven?

#05 Forretningsmodell 1: Korleis skal du klare å dekkje dette behovet?

#06 Forretningsmodell 2: Korleis skal du klare å dekkje dette behovet?

#07 Mål: Kva mål set du deg for å nå dit du vil?

#08 Oppgåver: Kva må du gjere for å nå måla dine?

#09 Prognoser: Inntening, likviditet, finansiering og formelle krav

#10 Presentasjon for relevante næringsaktørar i regionen

SØK OM PLASS I DAG!