Hoppid OPPSTART, frå 10. mars

Om hoppid.no Oppstart
Programmet går over 3 veker med 10 nettbaserte samlingar. Mellom samlingane arbeider du med å utvikle forretningsideen din og du får oppfylging frå ein hoppid.no-rådgivar.
Kven passar det for?
Programmet passar for deg som har eit produkt, tjeneste eller forretningsidé du vil utvikle, eller deg som har ei bedrift som du ønskjer å vidareutvikle. Det krev at du er motivert for å lære, og at du vil jobbe med å vidareutvikle prosjektet ditt. Programmet er gratis for deltakarar som er busette i Møre og Romsdal.
I løpet av programmet får du:
- utvikle prosjektet ditt steg for steg basert på S-E-A-M
- presentere prosjektet for rådgivarar og deltakarar
- råd, innspel, motivasjon og inspirasjon frå dei andre deltakarane
- eit nettverk som kan hjelpe deg å nå dine mål.
Målet er at du skal ende opp med ein tydelig plan for korleis du kan jobbe vidare med prosjektet ditt.
Programmet inneheld fylgjande samlingar:
#01 Innleiing: Bli kjend med deltakarane, metoden og verktyet.
#02 Føremål: Korleis påverkar din motivasjon og berekraft prosjektet?
#03 Ressursar: Korleis kan ressursane dine bidra til konkurransekraft?
#04 Forretningsidé: Kva behov skal du dekkje, og for kven?
#05 Forretningsmodell 1: Korleis skal du klare å dekkje dette behovet?
#06 Forretningsmodell 2: Korleis skal du klare å dekkje dette behovet?
#07 Mål: Kva mål set du deg for å nå dit du vil?
#08 Oppgåver: Kva må du gjere for å nå måla dine?
#09 Prognoser: Inntening, likviditet, finansiering og formelle krav
#10 Presentasjon for relevante næringsaktørar i regionen
SØK OM PLASS I DAG!