March 13, 2024

"Garden som ressurs" Nettverkstreff kl. 19.30 - 22.00

13. mars, kl. 19.30 - 22 på DIS Kaffebar
PÅMELDING Nettverkstreff - Garden som ressurs

Har du tankar om å utvikle noko på eigen gard, eller har du idéar om noko fleire kan utvikle i lag?

Vi inviterer til eit nettverkstreff for å diskutere korleis vi kan tilrettelegge utviklingsprosjekt for deg og dine samarbeidspartnarar.

Mål for satsinga er å stimulere til auka samarbeid og engasjement gründere imellom.

Aktuelle tema er:

- sal av lokal mat og drikke

- opplevingskonsept

- norsk ull mm.

Vi får besøk av Janet Roelofs frå Stolt Mat AS på Sjøholt, som vil fortelje om si satsing på sal av lokal mat og drikke frå lokale og regionale bønder.

Med oss denne kvelden er også Karin Flatøy Svarstad. Ho har både lang erfaring innan distriktsutvikling både nasjonalt og internasjonalt, og har jobba med ull i over 40 år.

Særleg ull frå villsau brenn ho for - ull med historisk kvalitet og unike eigenskapar mange ikkje kjenner til. Karin arrangerar alt i frå fagkonferanse til tema turar. I dag driv ho voksa kultursenter og Sommerakademiet på Søre Sunnmøre. Karin er ein forkjempar for auka bruk av norsk ull og vil snakke om korleis denne fornybare ressursen kan ha betydning for distriktsutvikling. Vi gler oss til gode tips om moglegheiter med ull og eigne ressursar. Vi får og sjå litt av hennar eigne produkt frå ull som elles ville blitt kassert, og får høyre meir om prosjektet Ull-dorado biogjødsel, der ho brukar skrapull og omdannar det til biogjødsel i form av ullpellets.

Bilde av en sittende dame med fargerik strikket jakke og et forsiktig smil.
Karin Flatøy Svarstad

Om du er interessert i landbruksbasert næring, så er du hjarteleg velkomen!

Lett servering av lokal mat og drikke, sjølvsagt.

Bondelaget, Småbrukarlaget, Landbrukskontoret og REKO-ringen er med på laget.