April 12, 2024

Frukost med Gunnar Hareide om styrearbeid kl. 08.30 - 09.30

Senior advisor i Converto, Gunnar Hareide held frukostmøte om Aktivt styre og kvinnerepresentasjon.

Fredag 12. april

kl. 8.30 - 9.30

I SkaparLINKEN

Styrearbeid kan vere utfordrande, både i næringslivet og i frivillige organisasjonar. Dette er eit område som alltid kan forbetrast og eit område der erfaring er gull verdt. Sett av ein time til å lære av Gunnar Hareide, og ta frukosten her i SkaparLINKEN 12. april.

Gunnar Hareide har lang og omfattande erfaring innan styrearbeid, både som styreleiar for interesseorganisasjonar som NHO, Norsk Industri og GCE Maritime Cluster, frivillige organisasjonar og forskjellige delar av næringslivet: Jets Vacuum AS, Spilka Industri, Brunstad AS, Kreditorforeningen AS, SINTEF Bedriftsutvikling AS, Nordvest Forum AS, Møretrygd/ Granne Forsikring, Kvenna EMT AS og ÅKP AS.

Gunnar har jobba som senior advisor i Converto sidan 2021. Før dette var han CEO i Tafjord Marked AS, der han var ansvarleg for telekom- og strømsalgsvirksomheta til Tafjord-konsernet, med mellom anna fisjon/ fusjon og etablering av dei nye selskapa Tafjord Connect AS og Wattn AS. Han har også lang toppleiarerfaring frå mellom anna Vesta Forsikring (no Tryg), FactoNor AS, Stokke AS og Fora Form AS. Han har jobba både nasjonalt og internasjonalt innan sal og marknad, og kan vise til gode resultat innan strategi-, forretnings- og organisasjonsutvikling, endrings- og verdikjedeprosessar, samtkjøp-/ salgsprosessar av bedrifter til PE-fond.

Gratis arrangement, ope for alle.

Frukost til påmeldte deltakarar.

Påmelding til frukostmøte om styrearbeid