October 30, 2025

Bransjetreff Designindustrien

Norsk Industri ønskjer velkomen til årleg bransjetreff i Sykkylven!
Meld deg på

I samarbeid med Møbelmuseets Vener/VITI, PlussLab og Sykkylven Næringsutvikling inviterer Norsk Industri - Designindustrien velkomen til vårt årlege bransjetreff i Sykkylven.

Vi løftar fram dagsaktuelle problemstillingar og moglegheiter i møbelbransjen.
Trump og toll til USA og strenge miljøkrav frå EU gir utfordringar – men òg nye moglegheiter. Vi får høyre frå dei som sit tett på, og vi inviterer politikarar til debatt!

Eksporten veks, men kva med investeringane?

Og korleis kan vi styrkje konkurransekrafta – som enkeltbedrifter og som samla bransje? Dette og mykje meir vil stå på programmet denne haustdagen. Møt bransjekollegaer, samarbeidspartnarar og konkurrentar til fagleg påfyll og gode samtalar!

I år gjennomfører vi arrangementet, også middagen, i dei flotte lokala til Næringsfabrikken, der òg det nasjonale kompetansesenteret PlussLab held til. Vi avsluttar den faglege delen av dagen med omvising og «fagprat» her, før det blir hyggeleg mingling og middag i godt lag.

Vi gler oss og håpar å sjå så mange av dykk som mogleg.

Meir informasjon kjem, men hugs å hold av datoen torsdag 30. oktober!