June 24, 2025

Bli med på Robotsafari på Osterøy!

Er du nysgjerrig på korleis robotteknologi formar framtidas industri? Bli med oss på ein spennande og inspirerande studietur til Osterøy 24.-25. juni, der du får moglegheita til å oppleve Norsk Katapult Manufacturing Technology på nært hald!
Meld deg på

Studieturen er ei gjenvisitt etter at Kompetansesenter for Robotteknologi (KORT) besøkte Sykkylven i februar. Vi har innleia eit samarbeid der Sykkylven Industri- og Næringslag, i lag med fem medlemsbedrifter, Sykkylven vidaregåande skule og Sykkylven Næringsutvikling, vil bidra til å gjere testfasilitetar meir tilgjengelege for industrien på Vestlandet.

Vi besøker KORT – Kompetansesenter for Robotteknologi, som tek oss med på ein eksklusiv Robotsafari - hjå mellom anna LOBAS, Mjøs Metallvare, K. Lerøy og Tysse Mekaniske. Her får vi innblikk i korleis ulike industribedrifter tek i bruk avansert robotteknologi i kvardagen - ei unik moglegheit for læring, nettverksbygging og nye idéar.

📅 Avreise: Tysdag 24. juni kl. 11.00 frå Sykkylven
🛫 Felles transport til Vigra og fly til Flesland
🏨 Innsjekk på Fjordslottet Hotell og introduksjon ved Vidar Tufteland, leiar i KORT
🤖 Onsdag 25. juni: Robotsafari på Osterøy og retur på kvelden

🔹 Reiselivsforum får eit eige opplegg med fokus på lokalt samarbeid og bedriftsbesøk innan reiseliv.


Pris: kr 1 900,-
Prisen er subsidiert av Omstillingsprogrammet og inkluderar reise, opphald og måltid.

🎯 Begrensa plassar - Førstemann til mølla gjeld.

Påmeldingsfrist: 5. mai - meld deg gjerne på alt i dag!


Vi kjem tilbake med eit detaljert program i løpet av dei neste vekene.
Dette blir ein lærerik og sosial tur og ei gyllen moglegheit til å hente ny inspirasjon heim. Vi håpar du blir med!