Støtteordningar

Sykkylven Næringsutvikling (SNU) forvaltar kommunalt næringsfond og er di HoppID-Kontakt i Sykkylven. Vi har også oversikt over finansieringsordningar i det offentlege virkemiddelapparatet.



Kommunalt næringsfond i Sykkylven

Næringsfondet er ei støtteordning som skal nyttast til å styrke nyetableringar, innovasjon og næringsutvikling i Sykkylven kommune. Fondet kan også nyttast til vidareutvikling av eksisterande verksemder. Prosjekt som fremjar entreprenørskap hos unge, kvinner og innvandrarar vert oppfordra til å søkje næringsfondet. Etableringar som er nyskapande og som gir moglegheit for mange nye arbeidsplassar vert spesielt prioritert. Les meir om næringsfondet her

HoppID

På hoppid.no-kontora får gründeren gratis råd og rettleiing, tilbod om kurs og opplæring, råd om tilskot og finansiering og hjelp i søkeprosessar og til nettverksbygging. I tillegg legg hoppid.no til rette for knoppskyting i næringslivet og for entreprenørskap i skulen. hoppid.no - avklaringsmidlar skal bidra til fleire og betre nyetableringar i Møre og Romsdal, ved å hjelpe nyetablerarar å gjennomføre enkle, men avgjerande aktivitetar for å avklare vidare satsing. Målgruppa er etablerarar med forretningsidear i tidleg fase. Tilskotet skal nyttast til aktivitetar som kan avklare organisering, marknadspotensiale, lønsemd og andre spørsmål som kan avgjere vegval og framdrift for bedriftsetableringa. Ein kan søkje om inntil 30 000kr i avklaringmidlar frå HoppID-verkemiddelet. hoppid.no er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane, Innovasjon Norge og fylkesmannen i Møre og Romsdal.