Om SNU

​Sykkylven Næringsutvikling (SNU) arbeidar for at næringslivet i Sykkylven skal vere berekraftig, også inn i framtida.

SNU – Sykkylven Næringsutvikling AS – er eit utviklingsselskap som arbeider for å fremje næringslivet i Sykkylven gjennom å bidra til etablering av ny og utvikling av eksisterende verksemder. Vår oppgåve er å følgje opp strategisk næringsplan for Sykkylven kommune.

SNU driv bedriftsretta utviklingsarbeid og er ein samarbeidsarena mellom kommunen og lokalt næringsliv. SNU har eit nært samarbeid med og utfører tenester for Sykkylven Industri- og Næringslag og Sykkylven Handelsforening. 

SNU sine eigarar er Sykkylven kommune (52%) og lokalt næringsliv (48%).

SNU forvaltar kommunalt næringsfond og er di HoppID-Kontakt i Sykkylven. Vi har også oversikt over finansieringsordningar i det offentlege virkemiddelapparatet. Sjå meir om støtteordningar her. 


Aktivitetsrapport SNU 2020

Aktivitetsrapport SNU 2019

Snu si oppgåve er å følgje opp strategisk næringsplan for Sykkylven.

Men, kva er ein næringsplan? Ein næringsplan seier noko om kva ei kommune vil prioritere i sitt arbeid med utvikling av lokalt næringsliv. Planen er det operative verktøyet i næringsarbeidet og er grunnlaget for dei prioriteringane som kommunen gjer i den perioden planen gjeld.

Vår strategi for lokal næringsutvikling er definert med 4 hovedsatsingsområder:

1. Vi må jobbe for meir robust næringsstruktur, med vekst i fleire bransjar i tillegg til fornying i etablerte bransjar. Vi må satse på berekraftig utvikling, der vi tek hensyn til både miljø, lokalmiljø og vekst i bedrifter.

2. Kommunen treng tilflytting og bulyst, og ønskjer å vise fram kvalitetane ved å bu i ei fantastisk flott friluftskommune med gode tilbod for tilflyttarar og innbyggarar generelt. Eit trivelig handelssentrum, møteplassar og innbydande fellesareal er også viktig.

3. Vi har mål om å ha gode kommunikasjonar og infrastruktur, med gode fergetilbud, kollektivtransport, vegar, breiband, hurtigladar for el-bilar og kanskje tunnel mellom Sykkylven og Stranda.

4. Godt samarbeid og samhandling lokalt, med nabokommuner og regionale utviklings- og kompetansemiljø vil vi også ha, for å få til meir saman. 

Kom med dine innspel: Dagens næringsplan var vedtatt i 2019 og er i 2021 under revidering i tilknytting til at kommunen jobbar med å lage ein ny samfunnsplan som skal vere klar ved utgangen av 2021. Les meir om arbeidet og kom med innspel til ny samfunnsplan i Sykkylven kommunen her