Bistand og rådgjeving i prosess med næringslivet

Har du eit ønskje om å etablere ny verksemd? Eller har di bedrift planar om nye satsingar? Treng du nokon å diskutere med?

SNU høyrer gjerne meir om din forretningsidé eller prosjektplan, og kan gje rettleiing på korleis du kan ta ideen eit steg vidare. Vi forvaltar kommunalt næringsfond og er di HoppID-Kontakt i Sykkylven, og har oversikt over finansieringsordningar i det offentlege verkemiddelapparatet.


Pågåande prosjekt: REISEMÅLSUTVIKLING I SYKKYLVEN

Næringslokale eller næringsareal i Sykkylven?

Treng du større eller mindre lokaler til di bedrift? På utkikk etter næringsareal i Sykkylven? Kanskje har du eit lokale eller areal til disposisjon? 

Her fins både offentlege og private eigedomar som kan vere aktuelle, ta kontakt med oss, så bistår vi deg vidare i prosessen. 

Historiene som inspirerar oss

Vi har mange inspirerande historie å by på i frå næringslivet i Sykkylven, her er nokre døme - vi let oss imponere og inspirere....

"Om vi vil forbetre famtida, må vi forstyrre notida". 

[Cathrine Booth] 

Sykkylven sin næringsplan

Kva er ein næringsplan?

Ein næringsplan seier noko om kva ei kommune vil prioritere i sitt arbeid med utvikling av lokalt næringsliv. Planen er det operative verktøyet i næringsarbeidet og er grunnlaget for dei prioriteringane som kommunen gjer i den perioden planen gjeld.

Vår visjon, misjon og satsingsområde

Visjon: Bidra til skaparglede og nye arbeidsplassar

Misjon: Sykkylven kommune skal gjennom Sykkylven Næringsutvikling vere ein aktiv tilretteleggjar og pådrivar for næringsutvikling i Sykkylven. Sykkylven kommune skal støtte opp om gode idear og vere ein aktiv medspelar for utvikling av næringsliv, handel, reiseliv og bulyst i heile kommunen.

Vår strategi for lokal næringsutvikling er definert med 4 hovudsatsingsområder:

1. Meir robust næringsstruktur
2. Tilflytting og bolyst
3. Gode kommunikasjonar og infrastruktur
4. Godt samarbeid og samhandling

1. Meir robust næringsstruktur

Vi må jobbe for ein meir robust næringsstruktur, med vekst i fleire bransjar i tillegg til fornying i etablerte bransjar. Vi må satse på berekraftig utvikling, der vi tek hensyn til både miljø, lokalmiljø og vekst i bedrifter.

2. Tilflytting og bulyst

Kommunen treng tilflytting og bulyst, og ønskjer å vise fram kvalitetane ved å bo i ei fantastisk flott friluftskommune med gode tilbod for tilflyttarar og innbyggjarar generelt. Eit triveleg handelsssentrum, møteplassar og innbydande fellesareal er også viktig.

3. Gode kommunikasjonar og infrastruktur

Vi har mål om å ha gode kommunikasjonar og infrastruktur, med gode fergetilbod, kollektivtransport, vegar, breidband, hurtigladar for el-bilar og kanskje tunnel mellom Sykkylven og Stranda.

4. Godt samarbeid og samhandling

Godt samarbeid og samhandling lokalt, med nabokommunar og regionale utviklings- og kompetansemiljø vil vi også ha, for å få til meir saman.

Kom med innspel til Sykkylven 2030!

Dagens næringsplan var vedtatt i 2019 og er i 2021 under revidering knytt til at kommunen jobbar med å lage ein ny samfunnsplan som skal vere klar i utgangen av 2021.

Les meir om arbeidet og kom med innspel til ny samfunnsplan i Sykkylven kommunen her: www.sykkylven.kommune.no/sykkylven-2030/