Aktuelt

Reisemålsutvikling i Sykkylven 2021-2022

Reisemålsutvikling i Sykkylven 2021-2022

Vi er i gong med å utarbeide masterplan for reiselivsnæringa i Sykkylven, ta kontakt om du har innspel til prosessen!

Les meir
Digital kompetansekartlegging nov+des 21

Digital kompetansekartlegging nov+des 21

Har di bedrift behov for å lære meir om korleis gjere nytte av moglegheitene innan digital teknologi? Bli med på digital kompetansekartlegging no!

Meld deg på
Frukostmøte 10.desember

Frukostmøte 10.desember

Tema: Ut av korona, rett inn i høykonjunktur - frukostmøte med samfunnsøkonom og sjefsøkonom Harald Magnus Andreassen, velkomen!

Meld deg på
Kaffeprat - onsdagar

Kaffeprat - onsdagar

Vi finn alltid tid til ein kaffeprat, men onsdagar mellom 09-11 har vi satt av ekstra god tid til ein prat over kaffekoppen. Kom innom!

Meld deg på
PLP-kurs 2022

PLP-kurs 2022

Meld deg på kurs i Prosjektlederprosessen (PLP) og få ei god innføring i korleis gjennomføre prosjekt etter PLP-metodikken.

Meld deg på
Handel- og service 2022

Handel- og service 2022

Har di bedrift behov for utvikling, vekst og bedre lønnsomheit? Bli med på kompetanseprogram for handel- og servicenæringa!

Meld deg på

Sterk lokal kompetanse og entreprenørånd

Sykkylven Næringsutvikling (SNU) arbeidar for at næringslivet i Sykkylven skal være berekraftig, også inn i framtida. 

Vi har trua på dykk som utviklar nye produkt og nye prosessar, dykk som vågar å tenke annleis og ønskjer å satse. 

Vi i SNU vil bidra til at idear vert realiserte, så tenk på oss som dykkar navigatørar inn i det offentlege verkemiddelapparatet, medan dykk som sit på kompetansen er i førarsetet. 

Les meir om korleis vi i SNU arbeidar for lokalt næringsliv her: 

Lokale mentorar – raus kunnskapsdeling

Nokon har bana veg, nokon har gjort liknande før – kanskje er det du? 

Å dele på kunnskap og erfaring er noko som er vanskeleg å vega i kroner, det er kunnskap som man vanskeleg kan tileigna seg frå ei lærebok. Vi har tru på at raus kunnskapsdeling bidrar til skaparglede og eit meir robust lokalt næringsliv. 

Ta kontakt med oss om du kunne tenke deg å bidra som mentor, eller om du ønskjer å komme i kontakt med ein mentor. 

Registrer deg her for å motta nyheiter og invitasjonar i frå oss!