Kriteria for støtte

Det er følgande kriteria for støtte frå Sykkylven kommunes omstillingsprogram:

  • Bedrifter, organisasjonar eller privatpersonar som ønsker å starte eller utvikle si verksemd/næring kan søke om økonomisk bistand frå omstillingsmidlane, så lenge tiltaket det søkast om er innanfor omstillingsprogrammets fire satsingsområde.
  • Tiltaket/prosjektet må være i høve til definerte strategiar og tiltak innanfor satsingsområda i omstillingsprogrammets handlingsplan.
  • Søker må omtale korleis prosjektet/tiltaket støttar opp under omstillingsprogrammets hovudmål om å bidra til å skape 170 nye/sikra arbeidsplassar i Sykkylven i løpet av 6 år.
  • Søknaden må innehalde forretningsplan/prosjektplan og budsjett for bedrifta(ne) og det omsøkte tiltaket.
  • For bedriftsretta støtte må bedrifta være registrert i Brønnøysundregisteret med forretnings-/verksomhetsadresse Sykkylven og ha mål om aktivitet i Sykkylven kommune. Det må kunne dokumenterast at omsøkt tiltak er knytt til mål om arbeidsplassar lokalisert i Sykkylven.
  • Det kan gis tilskot til primært forstudiar og forprosjekt med mål om utvikling av forretningsidé, forretningsplan, produkt, produksjonsprosess, marknad, kompetanse og samarbeidstiltak. Tilskot til gjennomføring av hovudprosjekt kan vurderast, men skal primært rettes til andre finansieringsordningar.
  • Det gis ikkje rein arrangementsstøtte. Det gis ikkje støtte til investeringar, ordinære driftskostnader, driftsoppgåver eller lovpålagte oppgåver.
  • For bedriftsretta støtte krevst det eigenfinansiering på 50 % av prosjektets/tiltakets totale kostnadsramme. Eigenfinansieringa kan være i form av egne midler eller egeninnsats, eventuelt en kombinasjon av disse to, minimum 25% i egne midler. Eigeninnsatsen beregnas som 1,2 promille av nominell årslønn, maksimalt kr 800,- per time, dersom ikke annet er avtalt.
  • Midla tildelast i henhald til EØS-avtalens regler om offentleg støtte og gis som bagatellstøtte.


Kva kan eg søke om midlar til?

Omstillingsmidlane kan brukast til hovudsakeleg forstudie og forprosjekt. Eksempelvis kan følgande prosjekt støttast:

  • Kompetanseutvikling
  • Etablering av ny verksemd/utvikling av eksisterande bedrifter
  • Nettverksbygging mellom bedrifter
  • Konkretisering av krav til infrastruktur for næringsverksemd
  • Mobilisering/tiltaksarbeid

Ifølge retningslinjene kan det ikkje gis støtte til drift av næringsverksemd eller organisasjonar, direkte eller indirekte støtte til investeringar i verksemdene sin eigenkapital, støtte til investeringar eller støtte til å utføre statlege, fylkeskommunale eller kommunale lovpålagte oppgåver. Sjå her for fullstendig oversikt over kriteriar ved støtte frå omstillingsmidla.  


Korleis søker eg omstillingsmidlar?

Ta kontakt her så avtalar vi ein kaffeprat om din idé og om søknad!

Strategi for omstillingsprogrammet i Sykkylven 2021-2026 finn du her. 

Handlingsplan for 2021 finn du her. 

Meir om regional omstilling? Sjå kva Innovasjon Norge skriv om det her.