Eit virkemiddel

Omstillingsprogram, kva er det?

Sykkylven kommune har fått omstillingsstatus – dette betyr seks år med ekstraordinær innsats for næringsutvikling gjennom det som kallas eit omstillingsprogram. Den ekstraordinære innsatsen er eit spleiselag mellom Møre og Romsdal Fylkeskommune, Sykkylven kommune og Sykkylven Industri- og Næringslag. Vi har omstillingsstatus frå 2021 til og med 2026, og i denne perioden har vi satt oss eit mål om å bidra til å skape nye og sikre 170 arbeidsplassar i Sykkylven. Omstillingsprogrammet kjem altså i tillegg til det ordinære næringsutviklingsarbeidet som SNU varetek, difor jobbar SNU og omstillingsprogrammet tett saman for å best mogleg kunne hjelpa næringslivet.

Kvifor eit omstillingsprogram?

Sykkylven har i dag ein sterk møbelindustri med røter tilbake til 1800-talet, entreprenørånda er også noko som kjenneteikna Sykkylven. Dette er kompetanse og kvalitetar vi skal bygge vidare på! Med ein høg del eksport tilknytt møbelindustrien, har vi bedrifter som operera i internasjonale marknaden og dermed blir påverka av dei svingingane som skjer der ute, vi seier at vi har ein einsidig næringsstruktur – noko som gjer oss til ei sårbar kommune, dersom møbelmarknaden dalar kan vi fort bli mange arbeidsledige.

Det er eit ønske om å utvikle ei bredde i næringslivet i Sykkylven, for å redusere den sårbarheita som kjem av ein einsidig næringsstruktur. Samtidig er et eit ønske om å bidra til eit meir robust næringsliv som er berekraftig inn i framtida. Difor vil omstillingsprogrammet bidra til å vidareutvikle eksisterande bedrifter og legge til rette for nyetableringar innan fleire bransjar. Omstillingsarbeidet skal òg bidra til å styrke Sykkylven sin attraktivitet som næringslivs- og bustadkommune.

Kva kan eg søke om midlar til?

Omstillingsmidlane kan brukast til hovudsakeleg forstudie og forprosjekt. Eksempelvis kan følgande prosjekt støttast:

  • Kompetanseutvikling
  • Etablering av ny verksemd/utvikling av eksisterande bedrifter
  • Nettverksbygging mellom bedrifter
  • Konkretisering av krav til infrastruktur for næringsverksemd
  • Mobilisering/tiltaksarbeid

Ifølge retningslinjene kan det ikkje gis støtte til drift av næringsverksemd eller organisasjonar, direkte eller indirekte støtte til investeringar i verksemdene sin eigenkapital, støtte til investeringar eller støtte til å utføre statlege, fylkeskommunale eller kommunale lovpålagte oppgåver. Sjå her for fullstendig oversikt over kriteriar ved støtte frå omstillingsmidla.  

Korleis søker eg omstillingsmidlar?

Lise, programleiar omstilling, vil bistå deg med søknad. Ta kontakt her så avtalar vi ein prat om din idé!



Strategi for omstillingsprogrammet i Sykkylven 2021-2026 finn du her. 

Handlingsplan for 2021 finn du her. 

Meir om regional omstilling? Sjå kva Innovasjon Norge skriv om det her.