Kva er omstillingsprogrammet?

Sykkylven kommune har blitt tildelt status som omstillingskommune for perioden 2021-2026. Omstillingsprogrammet er ein tidsavgrensa ekstraordinær innsats for kommunar og regionar med mål om utvikling og vekst. Midla er eit supplement til andre offentlege verkemiddel frå Innovasjon Norge, fylkeskommunen, Norges forskningsråd eller SIVA. 

Omstillingsprogrammet sine fire innsatsområde er: 

  1. Skaparglede i næringslivet
  2. Opplevingsnæringar
  3. Samarbeid og nettverk
  4. Attraktive Sykkylven

Rett til strategi 2021-2026 og handlingsplan 2021

Bli med å skape fleire spanande arbeidsplassar i Sykkylven!

Kva kan eg søke om midlar til?

Bedrifter, organisasjonar eller privatpersonar som ønsker å starte eller utvikle verksemd i Sykkylven kan søke om økonomisk bistand frå omstillingsmidlane. Kravet er at tiltaket de ønsker å utvikle fell inn under omstillingsprogrammet i Sykkylven sine fire innsatsområde: 1. Skaparglede i næringslivet, 2. Opplevingsnæringar, 3. Samarbeid og nettverk, og 4. Attraktive Sykkylven. 

Ta kontakt, så kan vi ta ein prat om søkand! 

Ta gjerne ein kikk her for kriteria for støtte:

"Det handlar ikkje om idear. Det handlar om å sette idear ut i livet". 

[Scott Belsky]

spørsmål og svar

Omstillingsprogram, kva er det?

Sykkylven kommune har fått omstillingsstatus – dette betyr seks år med ekstraordinær innsats for næringsutvikling gjennom det som kallas eit omstillingsprogram. Den ekstraordinære innsatsen er eit spleiselag mellom Møre og Romsdal Fylkeskommune, Sykkylven kommune og Sykkylven Industri- og Næringslag.

Vi har omstillingsstatus frå 2021 til og med 2026, og i denne perioden har vi satt oss eit mål om å bidra til å skape nye og sikre 170 arbeidsplassar i Sykkylven.

Kvifor eit omstillingsprogram?

Sykkylven har i dag ein sterk møbelindustri med røter tilbake til 1800-talet, entreprenørånda er også noko som kjenneteikna Sykkylven. Dette er kompetanse og kvalitetar vi skal bygge vidare på! Med ein høg del eksport tilknytt møbelindustrien, har vi bedrifter som operera i den internasjonale marknaden og dermed blir påverka av dei svingingane som skjer der ute, vi seier at vi har ein einsidig næringsstruktur – noko som gjer oss til ei sårbar kommune, dersom møbelmarknaden dalar kan vi fort bli mange arbeidsledige.

Det er eit ønske om å utvikle ei bredde i næringslivet i Sykkylven, for å redusere den sårbarheita som kjem av ein einsidig næringsstruktur. Samtidig er et eit ønske om å bidra til eit meir robust næringsliv som er berekraftig inn i framtida. Difor vil omstillingsprogrammet bidra til å vidareutvikle eksisterande bedrifter og legge til rette for nyetableringar innan fleire bransjar. Omstillingsarbeidet skal òg bidra til å styrke Sykkylven sin attraktivitet som næringslivs- og bustadkommune.

Kor lenge varar omstillingsprogrammet?

Vi har omstillingsstatus frå 2021 til og med 2026, og i denne perioden har vi satt oss eit mål om å bidra til å skape nye og sikre 170 arbeidsplassar i Sykkylven.

Kor mykje pengar er det snakk om?

Totalt er det satt av 32,4 millionar kroner til omstillingsarbeidet over ein periode på 6 år. Av det bidreg Møre og Romsdal fylkeskommune med omlag 24 millionar og Sykkylven kommune og Sykkylven Industri- og Næringslag med omlag 8,4 millionar kroner. I tillegg er Innovasjon Norge med å delfinansierar ein del sentrale prosjekt/verktøy som kan tas i bruk i omstillingsprogrammet.

Korleis tel vi arbeidsplassar?

Vi har satt oss eit mål om å bidra til å skape nye og sikre 170 arbeidsplassar i Sykkylven i løpet av omstillingsperioden på 6 år. Vi tel arbeidsplassar som omstillingsmidla bidrar til å sikre og/eller skape gjennom å støtte bedriftene på ulike måtar (eks. ved støtte til utviklingsprosjekt, bedriftsrådgivning, kompetansehevande tiltak etc.). Vi tel arbeidsplassane etter ei skjønnsmessig vurdering fra bedriftene sjølv, ved slutten av kvart år.

Kven gjer kva?

Sykkylven kommune er eigar av omstillingsprogrammet. Det er eit omstillingsstyre som er ansvarleg for utarbeidelse av strategi og handlingsplan for omstillingsprogrammet.

Programleiar for omstillingsprogrammet, Lise Haukeberg, er ansvarleg for å drifte aktivitetane som styret setter i gang i programmet. Programleiar er ansatt i kommunen.

Omstillingsprogrammet kjem i tillegg til det ordinære næringsutviklingsarbeidet som Sykkylven Næringsutvikling (SNU) ivaretek, difor jobbar SNU og omstillingsprogrammet tett saman for å best mogleg kunne hjelpa næringslivet.

Kva kan eg søke om midlar til?

Omstillingsmidlane kan brukast til hovudsakeleg forstudie og forprosjekt. Eksempelvis kan følgande prosjekt støttast:


- Kompetanseutvikling
- Etablering av ny verksemd/utvikling av eksisterande bedrifter
- Nettverksbygging mellom bedrifter
- Mobilisering/tiltaksarbeid


Ifølge retningslinjene kan det ikkje gis støtte til drift av næringsverksemd eller organisasjonar, direkte eller indirekte støtte til investeringar i verksemdene sin eigenkapital, støtte til investeringar eller støtte til å utføre statlege, fylkeskommunale eller kommunale lovpålagte oppgåver.

Korleis søkjer eg midlar?

Ta kontakt så får du hjelp til søknadsprosessen!