Skal-Skal ikkje? gründerkurs

Tirsdag 10. mars deltok sju gründarar på kurs i Sykkylven. Dei fekk innføring i den digitale gründerhjelpen på www.Hoppid.no og diskuterte muligheiter og utfordringar for sine forretningsidéar.

Vår hoppid-kontakt Lill Therese Aurdal Fure ønskja velkomen til sju deltakarar frå Stranda, Sjøholt, Langevåg og Sykkylven.

Vi fekk presentert spennande forretningsidéar, og saman med rettleiar i den digitale gründerhjelpen, Erlend Bang Abelsen, gjekk vi gjennom kva dei kan få hjelp til frå Hoppid-kontoret for utvikling av sin forretningsmodell.

Det er givande å møte folk som vil og kan, og vi vil veldig gjerne bistå vidare for dei som ønskjer meir rettleiing på si gründerreise!

 

Kontaktinformasjon: Lill Therese Aurdal Fure, mobil 90 05 59 23, e-post lill@skaparglede.no