Sjekk inn 2018

Vi møtte mange kjekke ungdommar på rekrutteringsmessa "Sjekk inn" på NMK i Ålesund 3. juledag. Sykkylven ble profilert med aktive opplevingar pi fjell og på fjord. Ledige jobbar, traineeordningar og internship, og muligheiter for å starte eigen verksemd ble diskutert med dei som besøkte vår stand.

Det var tredje gongen rekrutteringsmessa vart arrangert i Ålesund. Sykkylven kommune hadde stand ved sidan av Ekornes. I tillegg til dei sju kommunene i Nye Ålesund var fleire lokale bedrifter representert, mellom anna Kystverket, Rolls-Royce Marine, Tafjord Kraft, Sparebanken Møre, Vard, Mørenot, Avento, NAV, Zegeba, Sunnmørsposten og NTNU. Messa blei bra besøkt, og er eit tilbod til unge på søk etter jobb i regionen.