29.05. Omstilling, nettvett & nettverk

Sykkylven som omstillingskommune, omstilling i praksis, nettvett og nettverk var hovudtema på frukostmøte fredag 29. mai.

 

Odd Jostein Drotninghaug ønska velkomen til vårt fjerde frukostmøte i år. Saman med Sykkylven kommune og Sykkylven Industri- og Næringslag vil vi bidra med informasjon om kva som skjer i det lokale næringslivet no, og ha dialog med næringa for å best mogleg legge tilrette for både nyetableringar og vekst i etablerte verksemder.

 

Sykkylven som omstillingskommune

Ordføraren informerte om det igangsatte arbeidet med å etablere ei lokal styringsgruppe og innleige av ekstern prosessrettleiar for strategi- og forankringsfasa. Analyse- og planleggingsarbeidet tek til rett over sommaren, og er planlagd ferdigstilt i desember. Deretter er målet å sette planane ut i live, med gjennomføring av prioriterte tiltak.

 

Omstilling i praksis

Smittevernproduksjon AS vart etablert kort tid etter korona-krisa satt inn. Lars Einar Riksheim kunne fortelle om enormt mykje arbeid, risikovurderingar og eit stort behov i marknaden for smittevernutstyr. Maskiner for produksjon av munnbind er allereie montert på Næringsfabrikken, og dei satsar på full drift om kort tid. Å ha produksjon i Norge med  garanti for rett kvalitet vil bidra til auka nasjonal beredskap, og det bidreg til nye lokale arbeidsplassar. Vi tar av oss hatten for stort pågangsmot og iherdig innsats!

 

Nettvett i bedriftene

Øyvind Vebenstad er næringslivskontakt hjå Møre og Romsdal politidistrikt, og jobber mellom anna med å informere om nettsvindel og datainnbrudd. Dei har registrert ei auke i nettsvindel etter 12. mars med internasjonale aktørar som evner å svindle folk for mange millioner. Has oppmoding er å ivareta nettet du bruker som ditt eige hus; hugs å låse, så du slepp uønska gjester på besøk! Sjå meir informasjon på www.nettvett.no

 

Regionalt partnerskap for næringsutvikling

Sykkylven Næringsutvikling har inngått avtale med innovasjonsselskapet ÅKP saman med dei andre kommunane på Sunnmøre med mål om eit betre tilbod til personar og bedrifter som vil starte bedrift eller planlegg for vekst. Elisabeth Remøy frå ÅKP har eit bredt spekter av kurstilbod, rettleiing og nettverk som våre lokale gründerar og bedrifter kan dra nytte av. Sjå meir om kurstilboda deira på www.aakp.no og spør oss gjerne i Sykkylven Næringsutvikling om det er noko du lurer på!

Som del av tenestetilbodet under korona-pandemien tilbyr dei gratis kontorleige i eit spanande gründermiljø på NMK, Ålesund Campus. Om det er aktuelt for deg, ta kontakt med oss!

 

Vi høyrer gjerne i frå deg!

Lill Fure (90055923) og Åsne Folstad (92455852)