Nye kostar

Grethe Loland og Jarle Strømmegjerde overlet stafettpinnen til Lill Therese Aure og Åsne Folstad i 2019. Grethe har velt å bli pensjonist på heiltid, mens Jarle har takka ja til jobben som dagleg leiar av Stranda Ventilasjon.

 

I desember vart ny strategisk næringsplan behandla i kommunestyret, og den legg føringar for Sykkylven Næringsutvikling sitt arbeid dei neste to åra.

Som Møbelhovudstaden i Norge har vi eit næringsliv med fleire møbelprodusentar og underleverandørar til møbelindustrien. Vi har også fleire nye satsingar som Dronefabrikken, Raus, Hardhaus, Fjellsetra med fleire nye hytter og aktivitetstilbod, og håper at fleire vil satse på nye næringer og bidra til eit større mangfald av arbeidsplassar i kommunen i åra som kjem. Og så heier vi sjølvsagt på dei store og viktige hjørnesteinsbedriftene som Ekornes, Brunstad, LK Hjelle, Formfin, Sandella, Møre Trafo, Sykkylven Energi og Sykkylven Stål. God infrastruktur, skaparglede, bulyst og godt samarbeid er stikkord for vidare vekst og utvikling.

Sykkylven Næringsutvikling har tatt initiativ til reiselivsprosjektet "Designvegen" og vil i samarbeid med nabokommunanene Stranda, Hornindal/Volda og Stryn dei neste 3 åra legge til rette for utvikling av nye temabaserte opplevingstilbod mot prioriterte målgrupper. Den fantastiske naturen her med alpint fjellandskap og djupe fjordar byr på mange spenstige friluftsopplevingar. Det må vi greie å foredle med kulturhistorie, lokal mat og god formidling. Eit internasjonalt deisgnmiljø og unik møbelhistorie i Sykkylven og på Stranda, pizza, skinke og sjømat, Den Trondhjemske Postvei, Uteguiden og Loen Active er nokre ressursar vi håper å spille på framover. Har du ein idé eller noko du ønskjer å bidra med, nøl ikkje med å seie ifrå!