Møbeleventyret

Det er framleis gode vekstmoglegheiter for møbelindustrien på Sunnmøre, trur møbelhistorikar Eldar Høidal. Saman med Kjetil Tandstad har han samla 110 års møbelhistorie i boka "Møbeleventyret"

Ikkje lenge før boka kom ut, vart den største og mest kjente av dei mange møbelbedriftene på Sunnmøre, Ekornes, kjøpt opp av den kinesiske møbelkongen Ruihai Zhao og selskapet hans, Quimei. Den nye eigaren har så langt signalisert at han vil utvikle verksemda vidare i Noreg. Som bonus får Ekornes tilgang til det store salsapparatet til Quimei og gode moglegheiter for ny vekst.

Det sunnmørske møbeleventyret starta da småbrukaren Peter I. Langlo laga sin første stol på korgflettingskurs i Stranda i 1908. Eit par tiår seinare var P.I. Langlo's Fabrikker den største møbelprodusenten i Skandinavia med 120 tilsette. Suksessen smitta, og snart var det "møbelfabrikk i annankvar kjellar" på Sunnmøre. I Sykkylven åleine var det på 1940- og 1950-talet rundt 120 møbelverksemder i kommunen. 

På femtitalet starte Scandinavian design-perioden med viktige designbedrifter som Rastad Relling og Bruksbo og designarar som Sven Ivar Dysthe. Stokke var tidleg ute med den første kvilestolen. Vipp-stolane i Star-serien kom alt i slutten av femtiåra. Stressless frå Ekornes kom i 1971 og har vore heilt dominerande sidan. Stresslessen vart ein stor suksess, men det er ikkje den aller mest selde. Tripp Trapp er den mest selde stolen i norsk møbelproduksjon med 10 millionar selde einingar. Og han går framleis like bra. 

Stressless, Tripp Trapp og Balans er kanskje dei mest funksjonelt nyskapande. Dei andre er meir konvensjonelle stolar. Siesta er for så vidt ein konvensjonell stol, men han er veldig rasjonelt bygd opp, estetisk fin, skulpturell i forma, lett å transportere.

Og med retrotrenden har mange stolar fått nytt liv, både brukte og nye. Det er mange unge som er interesserte i å kjøpe retromøblar som har litt meir karakter og ei historie å fortelje. Håpet for norske møbelprodusentar er at det blir fleire av den typen forbrukarar i Vest-Europa, folk som vil ha kvalitet, noko som er slitesterkt og økologisk, seier Eldar Høidal.