Løyvingar frå Næringsfondet 2019

Frøysagarden, Sykkylven Stål og Norsit fekk støtte frå kommunalt næringsfond i haust.

Seks bedrifter har fått støtte frå kommunalt næringsfond i år på til saman 465 000,- kroner. 

 

I vårsemesteret vart det løyvd støtte til:

  • Møbeltre, til omstillingsprosjekt kr 70 000,-
  • Brennevinsgrova, til design- og produktutvikling kr 80 000,-
  • Raus, til etablering av nytt restaurantkonsept kr 50 000,-  

 

I haustsemesteret fekk desse støtte:

  • Norsit, til forprosjekt bedriftsnettverk i møbelklynge kr 90 000,-
  • Sykkylven Stål, til merkevarebygging og internasjonal kommersialisering av nytt konsept kr 100 000,-
  • Frøysagarden, til etablering av kjøttavdeling kr 75 000,-

 

Vi følgjer spent med på prosjekta som er venta å bidra til auka verdiskaping i bedriftene, og sikre lokale arbeidsplasser.

 

Midlar til det kommunale næringsfondet vert tildelt årleg frå dei regionale utviklingsmidla i fylkeskommunen. Tildeling av næringsfond blir gjort på vilkår av at kommunen sjølv bidrar med eit beløp tilsvarande minst 50% av tildelt beløp. Tildelinga skjer normalt i slutten av februar,

 

Søknadsfrist kommunalt næringsfond 2020 er 1. april og 1. oktober. Søknad må registrerast på www.regionalforvatning.no