Bli med å skape spanande arbeidsplassar i Sykkylven!

Har du ein idé? Vil du bli med å skape nye og spanande arbeidsplassar i Sykkylven? Då vil vi høyre i frå deg! Omstillingsprogrammet i Sykkylven kommune er ein ekstraordinær innsats som skal bidra til vekst og verdiskaping i kommunen. Bedrifter, organisasjonar eller privatpersonar som ønsker å starte eller utvikle verksemd i Sykkylven kan søke om økonomisk bistand frå omstillingsmidlane i perioden 2021-2026. Omstillingsprogrammets hovudmål er å bidra til å skape nye og sikre 170 arbeidsplassar i Sykkylven i løpet av 6 år.

Kva kan eg søke om midlar til?

Vi har satt oss nokre rammer for kva vi skal jobbe med i omstillingsprogrammet. Kravet er at tiltaket de ønsker å utvikle faller inn under omstillingsprogrammet i Sykkylven sine fire innsatsområde: 1. Skaparglede i næringslivet, 2. Opplevingsnæringar, 3. Samarbeid og nettverk, og 4. Attraktive Sykkylven.

Eksemplar på prosjekt som omstillingsprogrammet kan støtte er:

  • Næringsprosjekt med vekstpotensial i tidleg fase
  • Forstudie og forprosjekt
  • Ekstraordinære etableringskostnadar
  • Marknadsundersøkingar
  • Prosess og produktutvikling
  • Kompetanseheving
  • Konsulenthjelp

Korleis søker eg om omstillingsmidlar?

Vi ynskjer å høyre frå deg så tidleg som mogleg. Ta kontakt med oss så kan vi gi deg råd om korleis du kan planlegge, søke om, og gjennomføre prosjektet. Vi hjelp deg med malar for prosjektplanar og rapportering, og støttar deg vidare til innsending av søknad. 

Les meir om omstillingsprogrammet her

Vi ser frem til å høyre i frå DEG!

 

Kontakt omstillingsprogrammet i Sykkylven:

Lise Haukeberg – Programleder Omstilling

E-post: Lise.haukeberg@sykkylven.kommune.no

Tlf: +47 98 88 22 92