Betre tilbod gjennom samarbeid

Unikt samarbeid skal skape vekst

14 kommunar går saman i eit regionalt partnarskap for entreprenørskap og vekst. Skal gi betre samhandling på tvers av kommunegrenser.

 

Auka samarbeid

Gjennom sommaren  og hausten har 14 kommunar på Nordvestlandet gått saman om å etablere eit regionalt partnarskap for entreprenørskap og vekst. Målsettinga er å bidra til at endå fleire entreprenørar lykkast i regionen. Arbeidet skal legge forholda til rette for nye aktivitetar ute i alle kommunane og stille tilgjengeleg kompetanse og ressursar for innovasjon og nyskaping.

 

Under ei samling på ÅKP siste uka før jul samla ordførarar og aktørar innanfor næringsutvikling seg for å diskutere felles aktivitetar for 2020.

 

  • Det er ikkje mogeleg å bygge komplette innovasjonssystem overalt. Når ein koplar fleire kommunar saman i eit regionalt partnarskap, der alle får tilgang til felles infrastruktur, tenester og kompetanse så styrkjer ein kvarandre. Ikkje minst blir det mogeleg med auka samarbeid med næringslivet i nabokommunane, seier prosjektleiar Oddbjørn Hatløy i ÅKP.

 

Alle må bidra

Varaordførar i nye Ålesund kommune, Vebjørn Krogsæter, meiner det er viktig at alle krefter drar i same retning og at alle bidrar inn i partnarskapet.

 

  • Entreprenørskap og innovasjon skjer når folk møtes, og då er det viktig å være der. Eg trur partnarskapet kan vere med på å skape dei nye arbeidsplassane vi treng, i tillegg til betre samhandling mellom ulike aktørar som vil auke verdiskapinga, seier Vebjørn Krogsæter i nye Ålesund kommune.

 

Dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling Åsne Folstad støttar initiativet.

 

  • For Sykkylven er det er fint å kunne dra nytte av nettverket og kompetansen som er i Ålesund og de andre kommunane på Sunnmøre. Slik kan vi gi eit endå betre tilbod til gründerar og bedrifter som ønsker å utvikle seg. Dette kan for eksempel være ved hjelp av gode mentorer, kunnskapen på NTNU eller delta i eit program i regi av ÅKP.

 

Skal løfta fram dei gode ideane

Innovasjonsselskapet ÅKP blei etablert i 1999 for å kople næringsliv, kommunar og akademia tettare saman. Dette er framleis høgaktuelt og ei av selskapets vitigaste oppgåver.

 

  • Berekraftsmål nummer 17 – «samarbeid for å nå måla» oppsummera dette på ein god måte. Det er berre gjennom samarbeid mellom næringsliv, offentlege myndigheiter og samfunn vi vil klare å skape ein attraktive bu- og arbeidsregion for framtida, seier Per Erik Dalen i ÅKP.

 

For heile regionen blir det svært viktig å skape nye arbeidsplassar i tida framover. Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad, er tydeleg på at det må skapast verdi.

 

  • Stranda kommune ser stor nytte av å vere ein del av ein fellesskap. Det handlar om kompetanse, kapasitet og nytenking. Å gå saman med omkringliggande kommunar og organisasjonar er heilt avgjerande for å utvikle vårt lokalsamfunn. Vi håper at det skal gi fleire arbeidsplassar, meir bulyst og livsglede, og vi skal også tene pengar på det. Botnlinja til bedriftene og kommunane må vi ta vare på, seier Jan Ove Tryggestad i Stranda kommune.

 

Møre og Romsdal Fylkeskommune støtter opp

Prosjektet mellom ÅKP og de 14 kommunane har fått støtte fra Møre og Romsdal Fylkeskommune på 1,3 millionar kroner i oppstartsfasen.

 

Partnarskapet: Giske, Sula, Nye Ålesund (Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog, Ålesund), Hareid, Herøy, Ulstein, Ørsta, Volda (Hornindal), Sande, Vestnes, Stranda, Sykkylven, Fjord (Stordal og Norddal)