Reiselivstreff 29.mars 23

Vi inviterar til nytt reiselivstreff i Straumgjerde, saman med Bjørg og Eva frå DetKanVi og Harald frå Brennevinsgrova.

Kvelden er lagt opp med presentasjon av vertskapet, omvisning, workshop og enkel servering.

Hovudfokus for kvelden vert oppfølging av og vegen vidare for prioriterte tiltak i Masterplan for opplevingsnæringane. Her håpar vi DU vil bidra med dine tankar og erfaring, slik at vi oppnår gode diskusjonar og nyttig input til prosessen vidare. Vi legg opp til inndeling i grupper med ulike tema basert på innsatsområda i masterplanen. Vi har «hanka inn» erfarne og kunnskapsrike mentorar, så her er mykje å lære. Ein jobbar tett saman om oppgåvene og til slutt vert det presentasjonar frå gruppene. Her forventar vi mykje spanande! 

Oppmøte kl.18 ved Tusenogti (tidl.Fjøla), etterfulgt av omvisning ved Brennevinsgrova kl.20-20.30

Gruppe


Jeg godtar at Sykkylven Næringsutvikling AS lagrer navn, telefon, e-post og kommunikasjon i forbindelse med denne henvendelsen. Informasjonen vil kun bli benyttet for å ivareta deg og din henvendelse på best mulig måte. Opplysningene blir lagret frem til vi blir bedt om å slette de. Ønsker du innsyn i disse opplysningene kan du kontakte oss på asne@skaparglede.no