Kurs i Arrangementsutvikling
Sted: SkaparLINKEN
Tidspunkt: 25.-26. april, Tysdag og onsdag kl.11.30-13.00
Pris: Gratis
I samarbeid med Gjensidige Sykkylven inviterer vi til kurs i Arrangementsutvikling!
Kurset går frå lunsj 25. til og med lunsj 26.04. Det vert felles middag og sosialt på kvelden den 25.
Vi er så heldige å ha med oss dyktige Pål Medhus frå Høve Støtt som kurshaldar. Høve Støtt er ein «miljøsertifisert opplevelsesprodusent» frå Geilo og har drive arrangementsutvikling sidan 2004. I 2011 gjekk dei også av som vinnar av reiselivsprisen frå Innovasjon Norge.
Pål kjem med godt fagleg påfyll og vil presentere nyttige tips og verktøy til planlegging av ditt neste arrangement. Han er kjent for å vere spesielt oppteken av identitet, eigenart, kulturarv og formidling av dei gode historiene. Dette er og, som de veit, fokusområde vi i stor grad har gode moglegheiter for å nytte oss av her i bygda. Her er det nok mykje å lære, både for de som allereie er godt i gang og de som er tidlegare i prosessen. Meir info kjem.
Scroll ned og meld deg på med e-post.