Kva skjer?

Sykkylven Næringsutvikling engasjerer seg i ulike fora og prosjekt, og vil annonsere aktiviteter som vi inviterer til her.

icon
SkaparLINKEN
Fredag kl.08.30-09.30
3/31/2023
Frukostmøte sentrumsnytt og påske
Denne fredagen vert det frukostmøte med sentrumsnytt og påsketema. Vi har invitert DIS kaffebar, Sol Café og Smått & Stort til å presentere sine konsept og fortelje litt om prosessen. Meld deg gjerne på med tanke på bestilling av mat.
icon
Nettbasert
Onsdag 12.04 kl.09 til 05.05 kl.09
4/12/2023
Oppstart Hoppid program
Hoppid programmet går over 3 veker med 10 nettbaserte samlingar. Mellom samlingane arbeider du med å utvikle forretningsideen din og du får oppfylging frå ein hoppid.no-rådgivar. Programmet passar for deg som har ein forretningsidé du vil utvikle, eller deg som har ei bedrift som du ønskjer å vidareutvikle. Programmet er gratis for deltakarar som er busette i Møre og Romsdal.
icon
SkaparLINKEN
Tirsdag kl. 11.30 - Onsdag kl. 13.00
4/25/2023
Kurs i arrangementsutvikling
Kurset vert arrangert i samarbeid med Gjensidige Sykkylven. Her kan du som er involvert i ulike arrangement og festivalar få nyttige tips og verktøy for planlegging av ditt neste arrangement.
icon
SkaparLINKEN
Onsdag kl. 08 - 11
5/10/2023
Dialogmøte med bedrifter om støtte til innovasjonsprosjekt
Fylkeskommunen, Forskingsrådet og Innovasjon Norge inviterer bedrifter til frukost og dialogmøte. Formålet med møtet er å vise korleis bedriftene kan utvikle prosjektideane sine slik at dei gir nytte for bedrifta og samtidig møter viktige samfunnsutfordringar. Møtet skjer i samarbeid med Sykkylven næringsutvikling.
icon
SkaparLINKEN
Alle dagar, åpent hus onsdagar kl. 09.00 - 10.00
Rådgjeving og finansiering - Hoppid, Kommunalt Næringsfond og Omstilling
Næringsapparatet i Sykkylven tilbyr rådgjeving og finansiering til å starte bedrift og utviklingsprosjekt for vekst i etablerte bedrifter. I vår nye cowork midt i sentrum kan du og få informasjon om ulike kurs og nettverk.
icon
SkaparLINKEN
Torsdag kl.08.30-09.30
Møt ordførar og teknisk leiar
Møt ordførar og teknisk leiar i SkaparLINKEN første torsdag i månaden frå kl. 08.30 til 09.30.
icon
SkaparLINKEN
Onsdag kl.09-11
Kaffeprat
Vi finn alltid tid til ein liten kaffeprat, men onsdagar 09-11 har vi satt av ekstra god tid til ein prat over kaffekoppen. Kom innom!