Har di bedrift behov for utvikling, vekst og bedre lønnsomheit? Første samling 2. og 3.februar 2022.
Vi rekrutterar no - inntil 10 bedrifter! Meld deg på i dag eller ta kontakt om du er nysgjerrig og vil høre mer om dette! Påmelding nederst på sida her.
Har di bedrift behov for utvikling, vekst og bedre lønnsomheit?
Da er dette programmet for deg!
Omstillingsprogrammet i Sykkylven går no i gang med eit kompetanseprogram retta mot aktørar innan handel- og servicenæringa.
Deltagelse her gir deg muligheten til å jobbe med utvikling og omstilling av di eiga bedrift. Du vil bli utstyrt med verktøy og erfaringer som gjer at du kan utvikle bedrifta vidare og sikre konkurransekraft og lønnsomheit framover. Vi vil også legge stor vekt på relasjonsutvikling mellom aktørane som deltar på programmet.
Faglege fokusområder og innhald i programmet:
Praktisk gjennomføring:
Programmet gjennomførast over 5 dagar fordelt på to to-dagars samlinger og ei heildagssamling.
Mellom samlingane arbeidar kvar enkelt deltakar med tiltak for å legge til rette for utvikling av eiga bedrift, med god oppfølging frå rådgiver.
Datoar for samlingar:
Samling 1: 2. og 3. februar (2.februar kl.17:00-21:00 og 3.februar kl.08:00-12:00)
Samling 2: 22. og 23. mars
Samling 3: 21.april
Vi tilpasser tidspunkt på dag til gruppen så godt vi kan.
Deltagelse i programmet koster kr. 1000 pr. bedrift og inkluderar fagleg innhald og lunsj på kvar samling, samt rådgivning mellom samlingane ved behov.
Føredragshaldarar og rådgivarar
Det er rådgjevingsselskapet Næringsutvikling AS ved Mariann Høyen og Søren Solvang som vil stå for den faglege gjennomføringa av programmet.
Dei er begge godkjente prosjektledarar som leverandør av Innovasjon Norges kompetanseprogram, og er godkjente rådgivarar innan Distriktssenterets kompetaneprogram Merkur Utvikling. Dei har brei erfaring frå programledelse, som føredragshaldarar og rådgivarar innan ei rekke kompetanseprogram retta mot eit bredt spekter av bransjer.
Tenkjer du at dette er noko for di bedrift?
Meld deg på lengre nede på sida her! Du vil bli kontakta av Lise, programleiar omstilling, for ei enkel kartlegging av di bedrifts utfordringar og utviklingsbehov framover.
Lurer du på noko i forhald til det faglege i programmet?
Ta kontakt med prosjektleiar: Mariann Høyen, telefon 90 60 35 99, e-post: mariann@naringsutvikling.no