Kultur-, næring- og folkehelseutvalet gjorde 14. mars 2023, i KNF-sak 0028/23, vedtak om fordeling av 9,082 mill. kroner frå ramme 60 i Økonomiplan 2023, til kommunale næringsfond. Sykkylven kommune vart tildelt kr 685 118,- i tilegg til kr 550 000,- som vart overført frå 2022. Etter tildelingar i første kvartal er det fortsatt godt med pengar igjen til lokale verksemder som vil sette i gang utviklingsprosjekt i eigen bedrift eller i samarbeid med andre bedrifter. Kommunale næringsfond skal brukast til å styrke nyskaping, innovasjon og næringsutvikling. Støtte frå næringsfondet skal utløyse vekstpotensiale i lokale bedrifter, og bidra til å nå kommunane sine mål for lokalsamfunnet. Sykkylven Næringsutvikling (SNU) forvaltar ordninga og førebur saksinnstilling for vedtak i formannskapet.
Aquaservice i Straumgjerde fekk i mai innvilga kr 150 000,- i støtte til utvikling av profil og ny kommunikasjonsplattform. Selskapet ble overtatt av lokale eigarar våren 2021 og er spesialisert på termoplast, rørløysingar og spesialkomponentar til vannbehandling. Fabrikken held til i produksjonslokale på ca. 12 000 m2 i Straumgjerde. Dei har eigen CNC-avdeling for maskiner og bearbeiding med høg grad av eigenproduksjon. Dei nye eigarane har som mål å gjere Sykkylven til eit kompetansesenter innan fagområdet Water Engineering, og skape ein attraktiv arbeidsplass i kommunen.
Ta kontakt for meir informasjon om kommunalt næringsfond her