Dette kan vi hjelpe til med

Vi jobber for og med næringsutvikling i Sykkylven

SNU – Sykkylven Næringsutvikling AS – er eit utviklingsselskap som arbeider for å fremje næringslivet i Sykkylven gjennom å bidra til etablering av ny og utvikling av eksisterende verksemder.

SNU driv bedriftsretta utviklingsarbeid og er ein samarbeidsarena mellom kommunen og lokalt næringsliv. SNU har eit nært samarbeid med og utfører tenester for Sykkylven Industri- og Næringslag og Sykkylven Handelsforening. 

SNU utfører førstelinjeteneste for etablerarrettleiing i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune og Innovasjon Norge (hoppid.no).

SNU sine eigarar er Sykkylven kommune (52%) og lokalt næringsliv (48%).

Tenester og arbeidsmåte:

 

1. Bistand og rådgjeving i prosess med næringslivet

Har du eit ønskje om å etablere ny verksemd? Eller har di bedrift planar om nye satsingar? Treng du nokon å diskutere med?

SNU høyrer gjerne meir om din forretningsidé eller prosjektplan, og kan gje rettleiing på korleis du kan ta ideen eit steg vidare. Vi forvaltar kommunalt næringsfond og er din HoppID-Kontakt i Sykkylven, og har oversikt over finansieringsordningar i det offentlege virkemiddelapparatet.

For å kunne levere gode tenester er vi avhengig av eit tett samspel med lokalt næringsliv, og har som mål å etablere faste treffpunkt for informasjonsutveksling og diskusjonar.

 

2. Regionalt samarbeid og omdømme

Møre og Romsdal Fylkeskommune sin strategi for å sikre eit konkurransedyktig næringsliv i framtida peiker mellom anna på behovet for omstilling og meir bærekraftige løysingar. Dei viser til fire dominerande næringar i fylket som har gode føresetnader for vekst og utvikling, på bakgrunn av høg andel tilsette i regionen i forhold til landsgjennomsnittet og høge eksportverdiar. I tillegg til maritim og marin næring, vert møbelindustrien og petroleumsnæringa.

Reiseliv vert trekt frem som ei næring i vekst, med muligheiter for auka verdiskaping også for kreative næringar og landbruksbaserte næringar. Eit 3-årig prosjekt innan reiseliv, mat og kultur starta opp i 2018, og skal bidra til nye og lønsame opplevingsprodukt i skjeringspunktet reiseliv, mat og kultur.

Gjennom prosjektet Designvegen vil SNU legge til rette for utvikling av nye opplevingstilbod langs FV60 i samarbeid med nabokommunane Stranda, Hornindal/Volda og Stryn.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal sin strategi for landbruksrelatert næringsutvikling gir føringar for bruk av midlar til landbruksbasert næringsutvikling.    

Innovasjon Norge forvaltar dei nasjonale bedriftsretta virkemidla som skal hjelpe norske gründarar og verksemder med innovasjon og utvikling, med ulike finansieringsordningar og kompetanseprogram. Også Norges Forskningsråd, Enova med fleire kan bistå satsingar ved til dømes forskningsintensive prosjekt og energi og klimavennlege løysingar. 

I Sykkylven kommune vil vi samhandle med dei ulike etatane, som til dømes skule og utdanning og landbruk.

 

3. Tilflytting og bulyst

Vi ønskjer å bidra til at Sykkylven er ei attraktiv kommune å bu i. Målet er at vi gir god informasjon til nye tilflyttarar og iverksette tiltak for fleire tilflyttarar. 

I samarbeid med mellom andre Sykkylven Handelsforening vil vi gjennomføre tiltak for sentrumsutvikling og bidra til marknadsføring av Sykkylven som eit attraktivt sted å besøke  for tilreisande.

 

4. Infrastruktur og velfungerande kommunikasjonar

SNU vil vere ein aktiv part for best mogleg infrastruktur og offentlege kommunikasjonar i og til kommunen.